Kva var det eg sa?

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

For eksempel er det irriterande, og sjølvgodt, og veldig lite konstruktivt, når pensjonerte politikarar kvar haust kjem med biografiar. Og når Carl I. Hagen no seier «Kva var det eg sa?» om ekstrem islamisme i Norge.

Men det er heller ikkje veldig oppsiktsvekkande å påpeike at det er irriterande med folk som seier «Kva var det eg sa?». Det er faktisk ganske irriterande å påpeike det. Og litt sjølvgodt. Og veldig lite konstruktivt.

Om vi verkelig ønskjer å bli kvitt problemet med folk som seier «Kva var det eg sa?», då må det handling til.

Eg trur den einaste måten å bli kvitt dette problemet på, er at vi alle er opne om kva det faktisk var vi sa.

For om vi skal vere ærlige når vi ser oss tilbake: Det meste av det vi sa, var ikkje spesielt klokt eller sant. Ein seier mykje i løpet av eit liv, så det skal godt gjerast å ikkje vere inne på noko ein gong eller to, men det er ærlig talt lite å skryte av. Så vi som ønsker å bli kvitt «Kva var det eg sa?»-problemet har ei oppgåve. Nokon må gå først, og det må bli oss. I staden for å skryte av dei få tinga vi sa som kanskje var inne på noko, så må vi vere ærlige om alt det andre vi sa.

Eg kan ta på meg å begynne. Men då håper eg de andre følgjer etter og svarer ærlig på spørsmålet: «Kva var det eg sa?».

Ein må starte ein plass, så kvifor ikkje ta til med perioden då Carl I. Hagen seier han begynte å få rett, åttitalet.

Her er noko av det eg sa på åttitalet:

«Har du den nye til Mister Mister?»

«Kan eg få ei tube med hårgelé, takk?»

«Det skjer aldri noko her. Kvifor kan vi ikkje få ein platebutikk, for eksempel?»

«Bjarne Berntsen er den beste fotballspelaren i verden, på sin måte.»

«Det kjem aldri til å bli laga ein morsommare tv-serie enn Cosby Show.»

«Det kjem platebutikk hit. Endelig skjer det noko.»

«Får vi sjå «Helmer og Sigurdson» på den klassefesten? Elles trur eg ikkje at eg ikkje komme.» (Til eldre lesarar: Ja, eg veit du trur at «Helmer og Sigurdson» blei sendt på syttitalet, og stort sett har du rett i det. Men eg har sjekka: Den siste serien, «Saken fru Vang», er frå 1981. Og det var den eg såg på klassefest. Eg husker framleis det som eg trur var opningsreplikken, då ei tydelig død dame låg nederst i ei trapp og ei anna dame, kanskje ein nabo, såg liket og utbraut: «Herregud, fru Vang. Datt du?»)

«No har det komme ei klokke med kalkulator. Er ikkje det berre unødvendig?»

«Laudagsunderhaldninga til NRK viser at vi like gjerne kunne budd i Sovjetunionen.»

«Det går ikkje an å løyse Rubiks kube».

«Må vi ha desse elevkveldane same kveld som «Dynastiet» går? Då kjem det jo ikkje til komme nokon.»

«Håper den nye jojo-feberen begynner snart.»

«Eg gleder meg til Norway Cup. Då skal vi på kino og sjå den nyaste Politiskolen-filmen.»

«Herregud så teitt det er med mobiltelefon.»

«Eg fekk nesten tatt opp heile den nye Åge Aleksandersen-songen i går.»

«Platebutikken blir lagt ned. Det skjer aldri noko her. Vi kunne like gjerne budd i Sovjetunionen.»

Der var det gjort. Eg sa verre ting enn dette også, sjølvsagt, men dei sparer eg inni meg og tenker på neste gong nokon seier «Kva var det eg sa?» Det bør du også gjere.

Til yngre lesarar: Eg beklagar denne teksten. Eg veit at det meste av det som står her er uforståelig og rart, og det vesle som er forståelig er sentimentalt og sjølvopptatt. Men slik er det dessverre med det meste av det vi sa.

Som sagt.

 

Først publisert i Aftenposten 3. november.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!