Applikasjonar kan gjere museumsbesøket meir spanande og lærerikt. Olav Røtne har testa kva som gir ei god oppleving.

Vilde Grimelid Oppedal, Studvest
Vilde Grimelid Oppedal, Studvest

Olav Røtne (32) har studert informasjonsvitskap. Han har skrive masteroppgåve med overskrifta: Smarttelefon i museet. En studie av designvalg for mobilapplikasjoner til museer.

Kva går masteroppgåva di ut på?

Bakteppet for oppgåva var å sjå på forståing for IKT i museum og korleis bruk av smarttelefon kan vere med å støtte læring. I mange tilfelle stel teknologien merksemd frå utstillinga. Eg ser på korleis ein kan rette fokus på ting som vert stilt ut, og kva kontekst dei har vore brukte i. Eg har utført forsøk med dette i steinalderavdelinga til Kulturhistorisk museum.

LES OGSÅ: Lag ditt eige digitale museum

Korleis har du jobba med oppgåva?

Metoden er forsking gjennom eksperiment. Eg har laga tre prototypar på mobilapplikasjonar, og kvar av desse har fleire versjonar. Eg studerer korleis endringar i applikasjonane påverkar brukaropplevinga. Ein og ein teknologisk faktor vert endra i forsøka, til dømes utsjånad. Appen kan vere visuelt fattig eller rik. Deretter ser eg korleis bruken og opplevinga av applikasjonen endrar seg for brukaren som følgje av dette.

Kvifor har du valt denne oppgåva?

Eg er glad i design. I tillegg er Human Computer Interaction (HCI) noko eg har fått stor interesse for. Eg er oppteken av at systemet skal fungere for brukargruppa.

Kva har du komme fram til i arbeidet med oppgåva?

Eg har hatt tre rundar med datainnsamling. Først såg eg på korleis deltakarane opplevde å bruke mobiltelefon i relasjon til det andre materialet museet har, som til dømes brosjyrar. Dei fleste føretrekte å bruke mobiltelefonen til å få ekstra informasjon. Deltakarane gjekk rundt og scanna kodar på objekt på museet og fekk opp informasjon. Dei la vekt på at effektivitet var viktig. Alle var positive til bruk av teknologi, men det var usemje om korleis innhaldet burde organiserast. Nokon ville ha mykje innhald og fordjupe seg, medan andre ville ha mindre. I andre runde hadde eg ein visuelt rik og ein visuelt fattig versjon av ein app. Deltakarane syns den visuelt rike var penast, og heilskapsinntrykket ved bruken steig med det dei syns var fint. Brukaropplevinga gjekk ikkje på innhaldet. I siste runde var det ein faktaversjon av appen og ein der ein måtte svare på spørsmål. Målet var å få fokuset vekk frå telefonen over på museumsobjekta. Spørsmålsversjonen fungerte best. Då brukte deltakarane meir tid på å studere objekta.

Er resultata som venta?

Dei stemmer stort sett med hypotesane mine, men det var nokre overraskingar. Mellom anna at applikasjonen brukarane såg på som pen betra heile brukaropplevinga. Eg hadde ikkje trudd at utsjånaden skulle ha så mykje å seie. Versjonen med spørsmål vart også betre motteken enn eg hadde trudd. Spørsmåla auka interessa for gjenstandane på museet, så det var ei positiv overrasking.

Korleis kan desse erfaringane brukast i arbeidslivet?

Eg kan til dømes bruke dette dersom museet treng hjelp eller konsultasjon til å innføre teknologi. Mobilteknologi er i vinden no, og er ein spanande plattform. Det er også mange designbyrå som har eigne grupper som jobbar med brukarerfaringar og opplevingar. Eg ønskjer å jobbe i tverrfaglege team med andre, og på sikt vil eg gjerne starte noko nytt sjølv eller i lag med andre om moglegheita byr seg.

LES OGSÅ: Lagar app for tidsreiser

Kva tilbakemeldingar har du fått?

Eg har fått ein førespurnad frå rettleiaren min om å skrive ein artikkel om utsjånad på applikasjonar. Eg håpar å få denne godkjent på den nordiske HCI-konferansen. Det hadde vore kjekt viss eg fekk publisert ein artikkel.

Kvifor byrja du å studere informasjonsvitskap?

Etter å ha teke grunnfag i teiknspråk byrja eg på lærarutdanninga. Men eg såg etterkvart at mange av vennane mine jobba med det som var hobbyane deira. Derfor søkte eg på alle studium som omhandla det eg syns var gøy, og kom inn på ein bachelor i nye medier. Eg følte informasjonsvitskap-biten av denne graden talte mest til meg, så då vart det naturleg å ta ein mastergrad i det.

Har du nokre tips til andre som vil ta ein master i dette faget?

Ver tidleg ute med så mykje som mogleg, og gjer datainnsamlingane fort. Kvar gong eg har fått nytt datamateriale har det også verka svært inspirerande på skrivinga. Få rutine på kvardagen, og diskuter med medstudentar. Diskusjonar med andre studentar har eg fått mykje igjen for. Eg syns også det er betre å skrive på universitetet enn heime, for då er eg ein del av miljøet.

LES SAKA I STUDVEST!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

ANNONSE