Inviterer til Ungdommens storting

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For litt over eit halvt år sidan møttest ungdommar frå heile landet til tidenes første Ungdommens storting. Der diskuterte dei seg fram til dei fem viktigaste sakene for ungdom i Noreg.

No er det bestemt at Ungdommens storting blir ei fast ordning. Ungdommens storting 2013 inviterer 55 ungdommar til å koma. 19 plassar er sett av til representantar frå kvart fylke. 36 plassar vil vera opne for andre deltakarar.

Ungdommen bestemmer
Skuleklassar, organisasjonar eller enkeltpersonar vil òg få høve til å stilla spørsmål, og kan bli vald til å delta på Ungdommens storting.

– Formålet med samlinga er å gi ungdom høve til å uttala seg på nasjonalt plan om saker som har med dei å gjera, og å bidra til at ungdom lærer om Stortinget og den demokratiske prosessen, seier prosjektleiar Elianne Kemble-Clarkson til Framtida.no.

Kva spørsmål som skal takast opp, er opp til ungdommane sjølv.

Viss det blir enormt mange saker som kjem opp, korleis vel de ut kva saker som skal opp?

– I utveljinga vil me blant anna sjå på om det er tema som mange er opptatt av og om forarbeidet er godt. Det kan òg vera lettare å få behandla saker i komitear viss sakene allereie er aktuelle, men dette er ikkje avgjerande, seier Elianne.

Kven skal velja ut kva saker som skal opp på Ungdommens storting?

– Prosjektgruppa vår vil i samarbeid med Nasjonalt Ungdomspanel (NUP) og ei tverrpolitisk referansegruppe stå for utveljinga av sakene.

Les fleire saker frå Ungdommens storting!

Nasjonalt ungdomspanel blei vald av Ungdommens storting tidlegare i år, og blei starta då forløparen Ungdommens nasjonalforsamling blei samla i 2010.

Kva rolle Nasjonalt ungdomspanel vil få til Ungdommens storting er ikkje avklart.

– Det blei bestemt at dei skulle vera med i oppstarten og utforminga av Ungdommens storting, og at den vidare relasjonen deira til prosjektet skulle takast opp til vurdering. Dette er ikkje avklart. Men så langt har NUP fungert som ein referansegruppe.

(saka held fram under bildet)

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen måtte svara for seg i Ungdommens storting i mars i år.

Fleire ministrar
Sist gong møtte blant andre kunnskapsminister Kristin Halvorsen, samferdselsminister Liv Signe Navarsete og fleire stortingsrepresentantar.

– Me har invitert statsrådar til arrangementet 2013, men deltaking er ikkje stadfesta enno, seier Elianne Kemble-Clarkson til Framtida.no.

Ungdommens storting skal haldast i 2013 og 2014. Etter dette skal ein bestemma seg for om det skal haldast kvart eller annankvart år etter dette.