Stadig fleire rotar seg vekk
Nordmenn slit tydelegvis med å finne fram i skog og mark.Røde Kors har opplevd ei dobling i talet på rednings- og leiteaksjonar over heile landet på berre fem år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Allereie i år har Røde Kors såpass høge tal, at det kan sjå ut til at dei no set rekord.
– Dessverre er det slik at nesten alle dei aksjonane vi blir kalla ut på, kunne vore førebygde. Dei kunne vore unngått dersom folk hadde tenkt seg litt om, seier Lars Atle Skorpen, avdelingsleiar for nasjonal beredskap og hjelpekorps i Røde Kors til NRK. Dei siste åra har Røde Kors hatt rundt tusen redningsaksjonar i året. Dei meiner auken kjem av at folk er blitt flinkare til å varsle, men også at fleire folk rotar seg bort i naturen.
– Vi ser ein auke i at vanlege folk kjem seg ut i naturen. Då er det dessverre nokre som overvurderer eigne evner og prøver seg på noko dei ikkje beherskar. Då må vi ut og hjelpe, forklarer Lars Atle Skorpen.
LES OGSÅ: In å vera ute
Forholdsreglar
Norsk Folkehjelp, som også har mange leite- og redningsaksjonar, ser at mange av dei som må reddast er unge som skal teste grenser. Sjølv om det er fleire leite- og redningsaksjonar, meiner Norsk Folkehjelp at det er betre at ungdom søkjer risiko i naturen enn andre stader. Men dei har likevel ei klar oppfordring om forholdsreglar ein burde ta.
– Skal du flytte dei grenser, så gjer det gjerne saman med nokon som har meir greie på det enn deg sjølv. Kompetanse må ikkje undervurderast, fastslår sanitets- og organisasjonssjef i Norsk Folkehjelp Jon Halvorsen.
LES OGSÅ: Vekk frå folk