Spør du ungar kva dei vil bli når dei blir store, så svarar dei gjerne brannmann, politi, songstjerne og skodespelar. Hadde du spurt June Pedersen då ho var seks, ville du fått svaret; tatovør.

Mona Terjesen, Tysvær Bygdeblad
Mona Terjesen, Tysvær Bygdeblad

– Eg har ønska dette så lenge eg kan hugse. Pappa er sjømann og har mange tatoveringar, i tillegg kjem eg frå ein kunstnarisk familie, så yrket har alltid fascinert meg. Og då mine store barndomsheltinner «Spice Girls» hadde tatoveringar i tillegg så var det gjort, fortel 23 år gamle June frå Førland.

Heime
Me har tatt turen til Haugesund sentrum. På hjørna, tvers over gamle Holgersen skule ligg «Tattoo Lounge». June Pedersen sin butikk. Frå utsida ser det ut som ei typisk tatoveringssjappe med mørke fargar og skilt med tribalskrift. På innsida er det romsleg, lyst, reint og koseleg. Bak disken sitt to personar. Begge smiler bredt imot oss når me kjem inn døra.

– Hei, det er eg som heiter June og dette er Mike Taljaard. Han er lærling her, fortel 23-åringen ivrig og nikkar mot ein ung mann med barbert hovud, piercing i nasen og store tatoveringar på armane.

Ja, June er ung. Likevel har ho komme langt. Ho eig sin eigen tatoveringssalong, har tre tilsette (ein gjesteartist og to lærlingar) og har, etter berre åtte månadars drift, allereie lange kundelister.

– Det går veldig fint og eg trivst godt her. Eg var eit par år vekke for å gå på skule og det var nok, no er eg kome heim igjen. Eg elskar Haugalandet og vil bli her til eg døyr, seier June.

LES HEILE SAKA I TYSVÆR BYGDEBLAD!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

Kommentarar

ANNONSE