Laksesesongen blei ikkje som venta
Mykje laks i elvane i juni gav von om ein eventyrleg sesong i lakseelvene i Noreg i år. Slik gjekk det derimot ikkje.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Eventyret som ikkje slo til
Elvane som er med i oversikta frå Norske Lakseelver vitnar nemleg om ein heilt ordinær laksesesong, skriv Dagens Næringsliv. Etter å ha summert tala frå fangsten av villaks i eit utval av lakseelvene her i landet, syner tala ein nedgang på fem prosent i forhold til gjennomsnittsfangsten dei siste ti åra. Erik Sterud i Norske Lakseelver kan ikkje seie det for sikkert, men trur at ei av forklaringa er at laksesmolten som gjekk ut i havet i 2010 og 2011 blei møtt med store mengder lakselus.
Det var i dei største elvane som Gaula og Orkla det var dårlegast fangst i. I mindre elvar og i enkelte område i landet der ein ikkje har stort innslag av oppdrettslaks i elvane, blei likevel laksesesongen god skriv avisa. (©NPK)