Elin Tvedt (38) skal på nytt melde vêret i TV2.

Grannar.no
Grannar.no

Ølensbuen overtar stafettpinnen etter Kari Anne Gjengedal, som ho faktisk lærte opp då ho slutta i  jobben i 2001. Då hadde ho presentert vêr og vind sidan 1996.

Ho fortel til kanalens nettside at ho gler seg til å ta fatt på jobben igjen.

— Eg har sakna jobben, folka og TV2-huset. Eg er veldig glad over å vere tilbake, seier Tvedt, som fleire gonger har vurdert å søke ledige stillingar som vêrpresentør.

Denne gongen kjentes alt rett.

Les saka i Grannar!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE