Forfattarpris til Falturiltu

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 12.04.2017 13:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prisen blei delt ut på medlemsmøtet til Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU) 12. oktober. Falturiltufestivalen på Stord er den einaste nynorske barne- og ungdomsbokfestivalen.

I grunngjevinga frå juryen var det lagt vekt på at Sunnhordland lenge har markert seg som eit kraftsentrum i norsk barne- og ungdomslitteratur. Juryen peika på at mange viktige forfattarar har røter på Stord, Sveio, Bømlo, Tysnes, Os og i Kvinnherad.

– Felles for mange av desse forfattarane er at dei skriv på nynorsk og har bidratt til at nynorske barne- og ungdomsbøker har ein så sterk posisjon som dei har i dag, med alt frå bildebøker for dei minste, til dikt, spenning og grøssarar, påpeika juryen.

Når området i tillegg har sin eigen festival for denne litteraturen, meinte NBU at prisutdelinga var på sin plass.

Premien er på 10.000 kroner og eit kunstverk, i tillegg til heider og ære.

I år blir Falturiltufestivalen arrangert frå 4. til 9. november.

LES OGSÅ: Falturiltu satsar på fotball og bøker