Liv Signe Navarsete (Sp) treng hjelp til å spreia informasjon om stortingsvalet, og lyser ut midlar til informasjonstiltak.

mm

 

Organisasjonar og andre aktørar som ønskjer å bidra til å auke kunnskapen om val kan søkje departementet om tilskot. Midlane kan også nyttast til tiltak for å auke valdeltakinga ved stortings- og sametingsvalet 2013. Det er sett av inntil sju millionar kroner til arbeidet.

Fristen for å søkje er 22. oktober 2012. Desse tiltaka kjem i tillegg til informasjonen frå departementet.

– Vi vil auke engasjementet om val, både blant dei som sett i verk tiltak og hos veljarane. Mange organisasjonar når lett fram til folk. Difor er det flott om dei kan medverke til å spreie kunnskap om val. Dei må gjerne arbeide for å få opp valdeltakinga også, seier statsråd Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.

Inntil tre av dei sju millionar kronene i tilskotspotten skal gå til tiltak knytt til Stemmerettsjubileet 2013. Jubileet skal markere at det er hundre år sidan Stortinget vedtok allmenn røysterett og spesielt at allmenn røysterett for kvinner blei innført.

Departementet vil leggje vekt på mangfald når det gjeld tema, tiltak og målgrupper når tilskotet blir delt ut. Ein vil prioritere ungdom, innvandrarar og personar som treng tilrettelagt informasjon. Politiske parti kan ikkje søkje.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39
ANNONSE