Likestilte ektepar skil seg oftare

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Likestilte skil seg oftare

Det kjem fram i ein ein ny rapport om likestilling i heimen frå Nova, Norsk institutt for forsking på oppvekst, velferd og aldring. Dei har sett på korleis norske familiar deler husarbeid og omsorgsarbeid for barn, samanhengen mellom haldningar til likestilling og arbeidsdelinga i heimen, og jamvel korvidt denne oppgåvefordelinga påverkar samlivet og risikoen for samlivsbrot.

Både kvinner og menn er fornøgde
Rapporten viste generelt at både menn og kvinne generelt er svært godt nøgde med arbeidsfordelinga i heimen – uansett kor mykje dei gjer sjølve, eller kor ubalansert fordelinga er:

– Ei arbeidsdeling der ein har klart definerte arbeidsoppgåve, og der den eine har hovudansvaret for husarbeidet gjev føreseielegheit og ein trakkar ikkje i kvarandre sitt bedd heime.

-Kanskje set ein òg større pris på hverandres innsats dersom han eine gjer oppgåver ein sjølv ikkje likar eller meistrar, spør Thomas Hansen, forskar ved Nova.

LES MEIR: Kvinnelege universitetstilsette saknar likestilling på arbeidsplassen

Forventingar om likevekt gir større fallhøgd
Resultata kan tyde på at likestilling er eit viktig samfunnsverdi for mange, men at ein er nøgde med ujamn og ofte tradisjonelle arbeidsfordelingar i eigen heim.

Sjølv om Noreg har høg grad av likestilling samanlikna med andre land, har om lag 10000 norske ektepar skilt seg kvart år sidan slutten av 80-talet.

Rapporten frå Nova kom overraskande nok fram til at det var ein større sjanse for at par med lik arbeidsfordeling heime endte opp med å skilje seg, enn dei med ei skeiv arbeidsdeling på heimebane.

– Par som deler likt kan ha større forventingar til den andre sin innsats og vil vere meir opptekne av om den andre gjer delen sin, noko som kan gje meir grobotn for konflikt og misnøye, meiner forskaren.  

LES OGSÅ: Kvinnedagen er framleis aktuell