Fengsla student får fredspris

Studentfredsprisen for 2013 går til den iranske studentleiaren Majid Tavakoli.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Med sitt eige liv og framtid på spel kjempar han for fredeleg reform og framgang gjennom deltaking og demokrati. Prisen er eit klart signal til regimet om at verda følgjer med, seier Jan Tore Sanner, nestleiar i Høgre, til www.studentpeaceprize.org

Tavakoli sonar no ni år i fengsel for talen han heldt i 2009 som kritiserte det iranske regimet etter valet same år.Han jobbar hovudsakleg for studentrettar og demokratisering gjennom talar og ulike publikasjonar.

Hijab i solidaritet
Hundrevis av iranske menn spreidde bilete av seg sjølve i hijab på nettet i solidaritet med Tavakoli etter at regjeringa freista å audmjuke han med å syne bilete av han i slike plagg.

Ifølgje regjeringa ville han unngå arrest med å gøyme seg bak plagget, men augevitne rapporterte at han vart tvinga av politiet til å ha på seg hijaben.

Amnesty ser på Tavakoli som ein samvitsfange og prioritert sak, og han har vorte eit viktig symbol for studentar og politiske aktivistar i landet sitt.

Studentfredsprisen blir delt ut annakvart år i Trondheim på vegne av alle norske studentar.

Kjelde: Wikipedia.