Fjell og Fjordmoro i Sogndal arrangerer den eine halsbrekkande øvinga etter den andre.

Terje Eggum og Keth Øren, Sogn Avis
Terje Eggum og Keth Øren, Sogn Avis

Laurdag var det Dampskipkaien Open og stupekonkurranse på kaien i Sogndalsfjøra. Trass det sure vêret møtte mange skodelystne opp for å sjå spektulære hopp i fjorden.

På sykkel og rulleski kasta deltakarane seg ut frå kaikanten på dei mest kreative måtar. Meir smertefullt såg det ut under Sogndal Grand Prix i døds. Der hoppa deltakarane frå 10 meters høgde, med kroppen vassrett, for så å krøka seg saman like før dei treffer vassflata.

Dampskipkaien er Fjell og Fjordmoro sin sentralarena under festivalen, som varer til søndag. Allereie fredag var dei i gang, mellom anna med padling i Sogndalselvi, temamøte og fjellsportkveld på hotellet.

LES SAKA I SOGN AVIS!

Sjå bildeserie!

Dampskipskaien Open from BrattMoro on Vimeo.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

ANNONSE