Får støtte til leselystprosjekt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

LNK ved nettavisa Framtida.no får 120 000 kroner frå Kulturdepartementet til eit leselystprosjekt. Prosjektet tek mål av å vise fram kor god og variert den nyare nynorske litteraturen er for nye generasjonar av lesarar.

– Me vil styrkja litteraturformidlinga til barn og unge gjennom aviser, skular og heimesidene til folkebiblioteka. Me vil auka leseengasjementet i befolkninga, ved å invitera unge lesarar til å dela dei beste leseopplevingane sine med andre og visa fram lesande forbilde, seier redaktør og prosjektleiar Svein Olav Langåker.

Det kom inn totalt 40 søknadar på prosjektmidlane, 14 av prosjekta får støtte, tilsaman 1,2 millionar kroner.

Stort engasjement
– Dette vitnar om stor interesse og engasjement rundt leselyststrategien. Dei prosjekta som no får støtte kan vere gode døme og inspirere andre aktørar, seier kulturminister Hadia Tajik i ei pressemelding.

Lokalavisene Hordaland, Sogn Avis, Sunnhordland og Bømlo-Nytt er med på Framtida sitt prosjektet, og fleire lokalaviser vil bli invitert med seinare.

– På denne måten vil me nå ut til mange tusen potensielle boklesarar – både barn og unge sjølv – men også foreldre, lærarar, bibliotekarar og andre vaksne som vil vera viktige for vekkja leselysta til dei unge, fortel Langåker.

Få utlånte nynorskbøker
Bibliotekstatistikken for heile landet viser at berre éin prosent av dei tusen mest lånte barne- og ungdomsbøkene var nynorskbøker. På biblioteka i dei nynorske kommunane var talet seks prosent, ifølgje ein artikkel på Framtida.no i vår.

– Tal frå Mediebarometeret 2012 viser dessutan at vestlendingar bruker litt mindre tid på barne- og ungdomslitteratur enn landssnittet. Samstundes har den nynorske barnelitteraturen aldri hatt ei så brei tittelvifte som no, og aldri har den vunne så mange ulike typar litterære prisar og utmerkingar som dei siste åra, meiner Langåker.

Han legg også vekt på at talet på vinnarar av Uprisen viser at dei nynorske bøkene blir høgt verdsett av ungdom når dei først blir lesne av dei.

– Me vil laga eit innhaldselement med boktips, intervju, quizar og bokbloggar som bibliotek, skular og lokalaviser enkelt kan leggja ut på heimesidene sine. Arrangera ein bokstafett der ungdom skriv om favorittbøkene sine. Samla bokbloggar og litteraturformidling frå biblioteka på Framtida.no. Me vil også vidareutvikle forfattarpraten på Magasinett.no, produsere fleire bokmeldingar av barne- og ungdomsbøker for publisering i Framtida.no, Pirion, Magasinett, lokalavisene me samarbeider med – og på heimesidene til biblioteka.

Prosjektet startar truleg opp i oktober.

Les saka på LNK.no!