Det vakraste i det styggaste

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bok: Bovara
Forfattar: Jan Roar Leikvoll
Forlag: Samlaget
Utgjeve: 2012

Akkurat dét har han gjort i sine føregåande bøker. Akkurat som etter å ha lese hans førre bok Fiolinane, var eg framleis djupt inne i romanuniverset dagen etter eg las Bovara. Og eg tenker at sjølv om det er mykje grov vondskap i Bovara, er det mykje vakkert òg, kanskje meir enn i dei førre bøkene.

Vi er i eit kloster litt utanfor fjellandsbyen Bovara, der Frrok, og andre som har like framandklingande namn, bur. Men det er ikkje religiøs science fiction. Det er ein namnlaus stad og ei namnlaus tid: Det handlar om det fellesmenneskelege. Dei ellers så geistlege mennene i klosteret utøver ein bakterielt intens kjærleik til kvarandre, når dei ikkje snik seg ut over klostermurane nattestid, inn i landsbyen, og tek med seg heim andre bakteriar.

Heile romanen er eit raudsvart mørkerom, men mellom linjene skimrar lyset av og til, og lukkast med å gjere biletet enda svartare enn det eigentleg var.

Flori arbeider i hagen saman med Frrok, og dei har noko styggvakkert saman: Dei gravlegg små born som landsbyen ikkje vil ha noko med å gjere, og i same jorda dyrkar dei bognande epletre. Epla vert berarar av noko vakker og syndig på same tid, som teke frå ei eller anna bibelsk historie eg nesten har gløymt namnet på.

For slik er det når ein les bøker som dette: Ein klarer ikkje å gå utanom romanuniverset for å hugse. Alle andre epleanekdoter verkar irrelevante når ein først har kome innanfor dei trykkande klostermurane til Leikvoll.

Men sjølv om det er ein klostersetting så handlar ikkje Bovara primært om religion og asketisk gudelegheit. Det handlar mest av alt om som er i heilt andre enden av skalaen, nede i den rotne grisekjellaren, men som ein ikkje kan snakke om.

Les òg: "Fiolinane" beste nynorskbok.

I dagslyset forfell klosterhagen gradvis meir og meir, for den eigenrådige og frittenkjande Flori held seg borte, og vil ikkje hjelpe til. Han skriv på noko unemneleg, og er forelska i nokon andre enn Frrok, ei jente med grøne sko, som heller ikkje tåler dagens lys.

Så når denne jenta ein dag står i hagen og vil ha tak i Flori, og klosterkoret samstundes får inn ein yngre, konkurrerande kastratsongar, risikerer den allereie haltande Frrok å miste det einaste han har og veit om: Det nærast stockholmsyndromske syndefallsforholdet til Flori.

Frrok si historie vert samstundes rulla meir og meir ut, og hendingar frå då han budde i landsbyen som barn skal ikkje skal skildrast her. Dei tilhøyrer det som berre er vondt.

Det er mykje av det som skjer i Bovara som ikkje skal skrivast om her, men som rett og slett berre må lesast. Slik er den beste litteraturen, det yt ikkje romanen rettferd å gjenfortelje alt.

Les bokmeldinga i Magasinett!