Vekk frå folk

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Eg er jo mest fødd på ein bra og hadde mi fyrste guding som 14-åring. På sett og vis hadde eg ikkje noko val, men det er jo dette eg likar best, fortel Ruben Briksdal frå Stryn. Breføraren har vekse opp i familiebedrifta Briksdal Adventure og har klive brear sidan 4-5 års alderen.

– Eg likar å vera i lag med eit brefylgje på maks 12 personar, men elles vera vekk frå folk. Så er det fint å berre vera ute landskapet og utan telefon heile dagen, held han fram.

Ingen like dagar
Med stadig nye gjester er ingen dagar like. Nokon berre sansar, andre vil vite alt av fakta og mange har spanande historier. Brevandring er heller ingen utelukkande godvêrsaktivitet.

– Når det regnar og tåka ligg lågt, er det trolsk og magisk på breen, og sumardagar der ein bles frostrøyk ut av munnen har også sin sjarm, seier Ruben. For han varar bresesongen frå 1. juni og ut i september. Elles tek han turistane ut på seglbåtferd, eller på bresafari der dei får oppleve breen frå raftingbåt.  

– Når turistane overvinner frykten dei måtte ha for å gå på bre og alle meistrar det, så er det fantastisk, held han fram.

LES OGSÅ: In å vera ute

Kunnskap og tryggleik
Ruben trur det er mange som kan passe til å vera breførar, men at det er viktig å vera tålmodig og ha god kunnskap om det ein gjer.

– Ein må ha kunnskapen om å gå trygt opp og ned frå breen. Så må ein vera ein person som får folk til å stole på at er trygt, for tryggleik er veldig viktig. Å vera litt pratsam er heller ikkje dumt. I sesongen ringer telefonen konstant, ein veit ikkje lenge på førehand om det vert tur eller ikkje og dagane er lange, så breføring er ein livsstil. Det kan vera vanskeleg å kombinsere med familieliv, og dei fleste gjer seg etter åtte til ti år i stegjerna.

– Når det er gøy å vera på jobb vert ferie mindre viktig. Men eg prøver å få nokre dagar fri om hausten, når ingen andre har fri, seier Ruben fram. Som likar arbeidsdagane med fysisk aktivitet, brear og fjelltoppar.  

Køyrer på ilag  
Ruben vart fødd inn i ei familiebedrift, og jobbar saman med både far og onkel. Det er har sine ulempe, med at alt vert tett innpå og mykje breprat. Det gjer det også utfordrande å kople heilt av i lag med familien. Samstundes meiner han det er flest fordelar – dei tykkjer det er moro og forstår kvarandre.

– Eg kan få kjeft av far min på jobb og så kan vi reise på fisketur same ettermiddag, det er viktig å skilje hattane. Mest av alt køyrer vi på i lag, om det er å starte føring på ein ny bre eller andre ting. Ruben understrekar at han valde brelivet sjølv, etter både reiselivsstudiar i Sogndal og ambulansejobbing.

– Eg vart nesten oppfordra til å gjere noko anna, men eg tykkjer turisme er spandne og føler det er dette eg er typen til å drive med.

LES OGSÅ: Frå ved til solbrille i tre

Smeltinga  
Breføraren har merka mykje til smeltinga dei 10 siste åra, der breane forsvinn stadig lenger inn i fjellsidene og føringa vert vanskelegare. Dei har måtte flytte turane frå Briksdalsbreen, til Bødalsbreen og Brenndalsbreen. Likevel er han ikkje uroa for framtida.

– Eg trur vi finn på nye lure ting for turistane. Samstundes meiner han breane er noko alle bør opplever før dei smeltar. For sjølv om ein kan tykkje det er skummelt å gå på bre og det er eit nytt element for mange, innehelt brevandringa mange lukkeaugneblink. Eit av dei er matpausa:

– Då er det berre meistringskjensle, ein kan sjå utover dalen og kjenne seg fri, avsluttar breføraren. 

LES OGSÅ: Krev hastetiltak for klimaet