Fann skomiljø på Voss

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Godt å koma inn i eit skomiljø som eg har funne her på Voss, seier ho.

Ho kom til Vos for to-tre veker sidan, og er den ferskaste av dei fire tilsette ved Voss skofabrikk.

– Eg veit ikkje heilt kva eg hadde sett for meg. Kanskje at eg vart sitjande og sy saumar dagen lang. Eg veit framleis ikkje heilt kva eg går til, men det er i alle høve meir variert enn eg tenkte. Eg stortrivst, seier Synne Kaasin.

DET VAR DEN einaste utlyste skomakarjobben i heile landet. Skoindustrien har for det meste flytta til Kina. Mot denne straumen starta Voss skofabrikk opp i vår, og er ein av to skofabrikkar i Noreg. Den andre ligg i Aurland.

For Synne frå Vingelen i NordØsterdal starta tråklinga fram til symaskinene på Skulestadmo slik:

– Eg såg eit par gamle bunadssko, og smelta totalt. Det var det vakraste handverket eg nokon gong hadde sett.

– Eg jobbar mest i notleriet. De betyr at eg syr overlær. Me har ulike avdelingar her. Dei som festar sålen på, driv med bunning, seier ho på nordøsterdalsk.

– Men eg får opplæring i alle avdelingar. Om ein har spesielle interesser, brukar sjefen Stein tid og energi på at ein skal få fordjupa seg i desse, seier ho om gründer Stein Grov Eilertsen.

SYNNE HAR ikkje budd på Voss tidlegare, men er trygg på at ho kjem til å trivast. Ho bur vegg i vegg med Ole Bull Akademiet, og litt motvillig vedkjenner ho seg til å vera frelst på hardingfelemusikk.

– Skomakar og hardingfele, det vert nesten litt klisjeaktig. Eg tvingar meg til å høyra på P3 for at det ikkje skal verta for mykje av det gode, smiler ho.

Les saka i avisa Hordaland!