Show me the money!

Ingelin Røssland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan kvinner stryka mannen si skjorte utan å svika kvinnekampen?  Er det sjølve handlinga som er feil, eller er det djupast sett den manglande verdien på handlinga? Det som undrar meg i debatten kring hus og heim, er den fastlåste tanken om at husarbeid er gratisarbeid.

Eg har full forståing for at nokon må gjera husarbeid og at det i periodar kan vera vanskelig at begge dei vaksne i ein husstand er i full jobb, men eg er i mot at det skal vera ein slavejobb og føra heimearbeidande menn og kvinner ut i økonomisk uføre.

Eit alternativ til at den eine går ned i stilling, kan vera å leiga inn hjelp der ein ikkje strekk til sjølv. Det kan vera nokon som kjem og vaskar ein eller fleire gongar i veka, nokon som kjem og passar barna og kanskje hjelper til med leksene. Poenget er at med ein gong ein leiger inn ekstern hjelp, så skjønar ein at dette er noko som kostar pengar. Det er eit arbeid som har ein verdi. Likevel, så tenker nok dei fleste ikkje over at den ferdiglaga middagen, dei reine kleda, det nyvaska golvet, mors heimebaka brød og bollar eller far sine fiskekaker også har ein pris. I tillegg så er det snakk om omsorg og om det å vera der når det trengst. Vera ein som har betre tid til å lytta og til å sjå etter om dei andre har det bra. Spørja, masa, oppdra, samtala og setja krav. Rett og slett å vera ei mor eller ein far som er til stades.

Heim- og hushaldsteknikkar
I ei perfekt verd så jobbar både mor og far hundre prosent, barna har det hundre prosent fantastisk i skule, barnehage, SFO og på alle fritidsaktivitetar. Vidare blir alt husarbeid blir delt likt og rettferdig og sjølvsagt hjelper barna til også. Men ikkje alle klarar å leva i den perfekte verda. Eg kjenner nesten ingen som har liv som får plass i A4-malen. Av og til tvingar det seg fram at den eine må ofra seg litt. Men korleis kan ein få til dette utan at den som går ned til 80 eller 60 prosent stilling tapar på absolutt alle frontar?

Ein måte å gjera det på, er at den som jobbar fulltid betaler for den prosenten den andre parten jobbar i huset. Kort sagt reknar ein ut kva lønna er for ein dags arbeid etter skatt, og så må den som er i full jobb betala dette beløpet til den som jobbar ein full dag i heimen. At det kan bli dyrt? Ja, det er klart. Men urimelig? Neppe. Det er meir urimelig at ein skal jobba gratis.

Økonomisk tenking og planlegging
Det som er haken ved å jobba heime er sjølvsagt at heim- og hushaldsteknikaren ikkje vil opparbeida seg pensjonspoeng, og vil også risikera å bli mindre attraktiv på jobbmarknaden den dagen han eller ho vil jobba heiltid igjen. Dette krev derfor ein særskild disiplin for heim og hushaldsteknikkaren når det gjeld den personlege økonomien. Denne løna må derfor brukast til for eksempel privat pensjonssparing og eit fond for eventuell etterutdanning. På denne måten så er i alle fall den som jobbar i heimen ingen slave. Eg meiner at det er viktig å fastsetja ei lønn og rett og slett skriva ein intern arbeidskontrakt.

Så viss nokon vil ha deg tilbake til kjøkenbenken så får du rett og slett berre svara: Show me the money! ”Men det er di plikt som kvinne…” Du svarar: ”Show me the money.” ”Men du som kvinne er jo best på å ta deg av hus og heim og barn…” Og du ropekviskrar: ”Ja, for fan! Så SHOW ME THE MONEY!”

Utdrag frå filmen Jerry Maguire:

PS: Og så kan me alle begynna å rekna på kor mykje gratisarbeid mødrene våre har utført, og begynna å sparar til ein ekstra fin julepresang i år. Fordi ho er verd så mykje meir enn det.

Les bloggposten i Samlagsbloggen!