På lærdøl seier ein jordeple for potet, slik vert lærdølar kalla jordeple i grannebygdene. No brukar ungdommar jordeple-identieten for å sikre framtida. 

Faktaboks

Kulturbasert Entreprenørskap

–  Bulystprosjekt i Lærdal i Sogn og Fjordane.

–  Starta etter initiativ frå ungdomsrådet i kommunen.

–  Har ein administrasjon på  fem ungdommar og i tillegg ei overordna styringsgruppe med mellom anna representantar frå kommunen.

–  Har arbeid, attraktivitet og arrangement som delprosjekt.

–  Det overordna målet er at: ”Lærdal skal vera ein stad der ungdomen trivast, er stolt over å koma frå og der ungdomen har lyst til å vera”

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det starta med ein idédugdnad i ungdomsrådet eit par år tilbake. Med nedlegginga av Opplysningen 1881 og sjukehusstriden, vart det mykje negativt fokus i Lærdal og det hadde vi lyst til å gjere noko med, forklarar Helge Evensen Bjørkum, Stian Offerdal Vatlestad og Maritha Tønjum Skjerdal.

Idédugnaden førte til prosjektet Kulturbasert Entreprenørskap, som hausten 2011 vart tildelt 500.000 i bulyst-midlar frå Kommunal- og regionaldepartementet. Med jordeple som viktig næringsveg og identitetsmarkør i kommunen, vart det ein naturleg raud tråd i prosjektet, med heimesida jordeple.no og i marknadsføringa elles.

– Vi er eit prosjekt av ungdom og for ungdom. Med at vi er så unge, er vi eit pilotprosjekt i særklasse, seier ungdommane, som alle var under 18 år då bulyst-arbeidet starta.

Av og for ungdom
– Vi hadde 12-13 ting som vi hadde lyst til å gjere og fekk tips om at bulyst-midlar kunne hjelpe oss på vegen. Men med høve til å søke om midlar til berre eit prosjekt laut vi binde det heile saman, og kom fram til arbeid, arrangement og attraktivitet som satsingsområde, forklarar prosjektleiar Helge Evensen Bjørkum.

Søknaden vart skrive i ein påskeferie og fyrst sendt til hovudutvalet for plan og næring i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Men dei tilrådde ikkje departementet å støtte prosjektet, så derfor kom tildelinga overraskande på ungdommane og dei skildrar fredagen dei fekk vite om tildelinga som heilt fantastisk.

– Vi trur departementet sette pris på at initiativet kom frå oss ungdommar sjølve. Det var ikkje politikarane som ville gjere noko og søknaden hadde ikkje snev av konsulentspråk, forklarar ungdommane.

Motstand
Men tildelinga vekte ikkje berre åtgaum, og denne påska kunne ein lese overskrifter i VG som ”Navarsete drysser penger over hjemfylket”

– Det var tre harde dagar og tragisk for omdømme til prosjektet. Vi hadde jo ikkje vore i kontakt med Liv Signe Navarsete, og fylkesordføraren bad om orsaking også den manglande tilrådinga, forklarar Evensen Bjørkum. Heller ikkje på heimebane er det ikkje berre medvind.

– Sjølv om folk stort sett er positive, møter vi noko misunning. Men ein må nesten rekne med å verte litt rakka ned på når ein gjer noko slik i ei lita bygd, så det taklar vi, held han fram.

Gløden
No det vidare arbeidet det viktigaste, med mellom 40 og 150 timar prosjektarbeid i veka, fordelt på dei fem ungdommane i administrasjonen. Eigeninnsats tilsvarande 500.000 er også eit vilkår for bulyst-støtta

– For oss er Lærdal tingen og ein stad vi har lyst til å kome attende til. Det er utgangspunktet for alt vi gjer. Men omdømmebygging er vanskeleg å måle og vi har jo sett oss eit hårut mål, fortel Helge Evensen Bjørkum, Stian Offerdal Vatlestad og Maritha Tønjum Skjerdal, om det overordna prosjektmålet der ”Lærdal skal vera ein stad der ungdomen trivst, er stolt over å koma frå og der ungdomen har til å vera”.

Ungdommane trur det er viktig å gløde for det ein gjer heile tida, arbeide hardt og få med folk, for å lukkast. I tillegg meiner dei ein må våge å teste ut ulike løysingar.

Rock og sumarjobbar
– I det fyrste delprosjektet vårt som er arrangement skipar vi til både temakveldar, onsdagskonsertar med lokale artistar og vi er med på fotballarrangementet Lærdalsturneringa. Størst vert nok likevel Jordeplerock, som skal gå av stabelen 19. til 21. juli neste år, forklarar Stian Offerdal Valestad, delansvarleg for arrangement.

Med Jordeplerock ynskjer dei å setje Lærdal på kartet, gjennom ein festival der jordeple spelar ei hovudrolle i alt frå scene og dekorasjon, til mat og overnatting.

– Attraktivitet er delsatsinga vår som speglar omdømmeprosjektet vi ynskjer å vera. Det  handlar om at ungdommar skal vera stolte av Lærdal og ha det som ein stad det har lyst til å flytte attende til. Så jobbar vi også med digitaliseringsprosjekt og vi har skipa Jordeple Film Productions for å lyfte filminteressa,  seier delprosjektleiar Maritha Tønjum Skjerdal.

Det tredje delprosjektet er arbeid, der hovudfokus ligg på ungdom og entreprenørskap. Der ynskjer dei å hjelpe ungdom med å fylgje draumen om å skipe si eige bedrift. Sumarjobbar er og ein del av delprosjektet, med formidling av eksisterande jobbar og hjelp til unge som vil skape ein eigen sumarjobb.

Overengasjert
– Det hender vi gløymer skulen og vert litt overengasjert, men det handlar mykje om prioriterting. Ei av utfordringane våre er å få med fleire i arbeidet, dei engasjerte ungdommane går at overalt og vi skal jo vera eit prosjekt for heile kommunen, forklarar Helge Evensen Bjørkum, Stian Offerdal Vatlestad og Maritha Tønjum Skjerdal. Derfor jobbar dei aktivt med inkludering, både entereprenørskapsverksemda, filmprosjektet og på alle arrangementa.

– Klart vi ynskjer at alt skal gå bra og at arbeidet skal vidareførast etter prosjektperioden. Vi er veldig spente på resultata og om det vert tilflytting, avsluttar jordepla.

Les òg: Rekordmange startar bedrift

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

Kommentarar

ANNONSE