Treng mykje folk til «Odins Gull»

Hovudrolleinnehavarar, statistar og hjelparar. Tv-produsent Arild Halvorsen i Fabelaktiv treng mange dølar når dramaserien «Trio - Odins Gull» skal spelast inn i Skjåk.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Barne- og ungdomsserien «Odins Gull» skal spelast inn i Skjåk, og er rekna å vere den største satsinga i sitt slag i heile Norden.

Kriminalserien handlar om tre ungdomar som er på leit etter ein skatt, og må løyse ein del oppgåver undervegs.

«Odins Gull» skal visast på NRK i beste sendetid, og er også allereie seld til tv-kanalar i Sverige, Danmark, Island og Finland.

I fyrste omgang er det prat om å spele inn ein sesong på ti episodar, men NRK har gjeve signal til produksjonsselskapet Fabelaktiv som skal lage serien, om at dei også ynskjer to sesongar til på sikt.

Prosjektet finansierast av NRK, NFI, Film3, samt regionale og lokale partnarar saman med Skjåk kommune.

Onsdag kveld var det folkemøte på Skjåk Turistheim. Eit trettitals personar var til stades for å høyre litt meir om kva som ventar i høve til sjølve innspelinga, og kor viktig det blir for Skjåk kommune å førebu seg på ein eventuell tv-suksess som kan føre til auka turisttrafikk i bygda.

– Dette er kjempestort, og her treng vi mykje folk! var beskjeden frå tv-produsent Arild Halvorsen i Fabelaktiv.

Tv-produsenten fortel at dei nå har ein stor jobb framfor seg med å fordele alle rollene til «Odins Gull».

– Vi ynskjer mest mogleg lokale skodespelarar til serien, men vil også gjere eit større søk andre stader, seier Arild Halvorsen.

Han fortel vidare at sidan ikkje berre innspelinga, men også handlinga er lagt til Skjåk, er det viktig at mange av rollene er prega av folk som pratar døl. Det trengs både ungar, ungdom og vaksne til tv-serien.

– Etterkvart vil vi reise rundt i regionen og arrangere audition for å finne dei rette til å fylle rollene. Det trengs også ein del statistar som til dømes skuleklasser, butikkmedarbeidarar og andre, seier Halvorsen.

Ifylgje tv-produsenten er verken hovudrolleinnehavarane eller andre roller så langt fordelt, men rollelista skal vere klar i god tid før jul.

For utan dei ulike rollekarakterane som skal vere med i serien, er produksjonsselskapet også avhengige av å få med seg folk bak kamera som kan vere med å hjelpe til på andre måtar gjennom innspelingsperioden.

Innspelinga av serien tek til i mars og skal sendast på NRK i slutten av 2013, eller i starten av 2014. 

Les saka i Fjuken!