Mellomalderen skapte fiksjonsromanen, syner ny forsking. 

mm

– I den tidlege mellomalderen oppfatta ein bøker som særs eksklusive og autoritative. Ein gjekk automatisk ut i frå at det som sto i bøker var sant, seier Lars Boje Mortensen, professor i mellomalderlatin på Senter for Mellomalderstudier på UIB, til Videnskap.dk.

Forskarane baserte forskinga på lesing av religiøse, filosofiske og historiske vitskaplege bøker frå mellomalderen og tidlegare tider. 

'Usynleg kontrakt'
Det nærast religiøse forholdet til bøker byrja sakte å endre seg på slutten av 1100-talet. 

– Vi kan berre forstå at noko er fiksjon om vi på førehand har ei 'usynleg kontrakt` mellom forfattaren og lesaren. Ei kontrakt som seier: 'Dette er noko vi berre latar som'. Det same gjeld når vi går på kino og ser Batman. Vi har som tilskodarar ei `kontrakt` med regissøren om at superhelten ikkje eigentleg eksisterer, men at vi latar som om han gjer det medan vi ser filmen, seier Lars Boje Mortensen. 

Les òg: Vikingane brukte magi i krig

Fakta eller skrøner
I mellomalderen og antikken var det ofte slik at bøker var fulle eller delvis fulle av skrøner. Problemet var at den `usynlege kontrakta` ikkje var funne opp slik at alt vart teke som fakta.

Eit døme er dei ville forteljingane om Alexander den Store i u-båt eller fly som var veldig populære bøker i mellomalderen. 

Spesielt det fine franske aristokratiet elska dei fantasifulle historiene som vart skrivne på fransk. Tidlegare var bøkar alltid på gresk eller latin som berre geistlege kunne skjøne.

Det tok endå fleire hundre år før kontrakta vart ein del av kulturen i Europa. Først på 1800-talet byrja ein konsekvent å dele bøker opp i sakprosa og skjønnlitteratur.

Kjelder: Videnskap.dk, Wikipedia, UiB.

Prøv vår bokquiz her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE