Minnerike minuttar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vêrmeldinga for sundagens seilas med MS «Victoria» frå Skien til Dalen var ikkje særleg lovande. Heldigvis bomma meteorologane denne gongen, og sola stod opp saman med alle dei som skulle vere med og lage ramma rundt den direktesendte båtturen på kanalen.

Kanalbåten fekk etter kvart fylgje av mange småbåtar, og då dei frammøtte på bryggja i Kviteseid vinka farvel til kanaldronninga, kunne ein telje nærare 60 båtar som hadde fylgd Victoria frå Lunde og Fjågesund. 

– Fasit på folkefest 
– Det var ei fantastisk oppleving, og stemninga om bord var utruleg god. Folkelivet på bryggja i Kviteseid og på strekninga oppover til Dalen var det også stort å oppleve. Dette må vere fasiten på kva folkefest er, seier Dag Rorgemoen, direktør i Vest-Telemark museum, som mønstra på i Kviteseid.

– Korleis var det å oppleve alle småbåtane som fylgde Victoria oppover?

– Det var som å ha fylgje av ein armada med delfinar. Båtane duppa rundt oss heile tida, eg har aldri opplevd maken, sjølv om eg har vore mykje på vatnet. Det var også veldig artig at det var mykje «vanlege» folk om bord, og turen oppover hadde mange gode motiv å kvile fotoapparata på, smiler han.

Fantastisk ramme 
Forutan Fjågesund og Kviteseid la også båten til kai i Bandakslid og Lårdal før endestasjonen Dalen dukka opp i horisonten. Folksamt var det alle stadane, og stemninga var også veldig bra. Vest-Telemark prosjektkorps stilte opp både i Kviteseid og på Dalen for å underhalde dei frammøtte og gjestene på kanalbåten.

– Ramma rundt heile turen var veldig bra, og når også Vårherre blei med på laget og stilte med godvêr, blei det heilt optimalt. Folka frå NRK var i alle fall storfornøgde, og dei lærte nok også meir om historia vår her i Vest-Telemark, seier Rorgemoen.

Døropnar 
I Kviteseid gjekk også Pål Nymoen om bord, og han fortalte om brynesteinen frå Eidsborg som truleg var Noregs fyrste eksportartikkel. Temaet fanga interessa hjå produsentane av maratonsendinga. Nymoen er marinarkeolog ved Norsk sjøfartsmuseum.

– Han er skikkeleg entusiastisk særleg når det gjeld historia rundt Eidsborg-steinen. Dette kan vere starten på fleire fjernsynssendingar frå regionen, og kanskje opna programmet nye dører for Vest-Telemark og alle som på ein eller annan måte er knytt til kanalen. Eg håpar programmet gjev ein langsiktig effekt for turismen, næringslivet og kulturlivet i Telemark generelt, fortel Rorgemoen.

Les saka i VTB!