Aldri før har ein norsk film blitt sett av så mange i løpet av ei premierehelg.

mm

I løpet av premierehelga 24. til 26. august har heile 157 730 mennesker sett Kon-Tiki. Dermed er den gamle rekorden slått: Max Manus blei sett av 134.842 den første helga den gjekk på kino. Regissørane Espen Sandberg og Joachim Rønning står bak begge desse suksess-filmane.

– Eg gratulerer alle medverkande i Kon-Tiki med gode tal. Den nye rekorden viser at me kan laga publikumssuksessar i Noreg, seier kulturminister Anniken Huitfeldt i ei pressemelding.

Kon-Tiki har blitt digitalt distribuert. Digitaliseringa av norske kinoar har gjort at mange fleire små kinoa i Noreg kan halde premierer, held ho fram.

Les siste film-nytt her!

Sjå klipp frå filmen under:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE