Du kan kalla meg kvinne

Ingelin Røssland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Snart kjem min første roman for vaksne ut. Det er naturlig nok ein roman for kvinner og om kvinner. Men vegen fram til å rak i ryggen kunna stå for at jente og kvinnelitteraturen er mitt kall, har ikkje berre vore enkel. Eg har også blitt fornerma for å bli kalla kvinne, for at bøkene mine har fått merkelappen ungpikebok.

Ja, no skal eg fortelja dykk noko eg skjemst over:  I 2001 kom eg ut med romanen Kunsten å inhalera, og som forfattarar flest var eg spent på mottakinga. Ville boka bli meldt? Og kva ville kritikarane skriva? ”Ungpikebok for moderne Vestlandsjenter” skreiv Guri Fjeldberg i Bergens Tidende. Eg følte det som eit slag i magen, blei skikkelig fornærma. Eg hadde jo skrive ei bok eg følte var viktig, ikkje noko ungpikebok! Men det var ikkje Guri Fjeldberg som var dum og hadde misforstått. Det var eg. Etter å ha lese heile kritikken så stod det klart at ho var positivt innstilt. Det var ein fin, fin kritikk, men ein umoden reaksjon eg hadde.

Min indre kvinnehatar
Eg kunne ikkje heilt fri meg for å gå og tenka over denne kritikken, eller for å vera meir nøyaktig min eigen reaksjon. Kvifor ville eg ikkje ha ein sånn merkelapp på boka mi? Kunsten å inhalera er ei bok om ei ung jente, sånn sett var det ein heilt rett merkelapp.

Eg måtte til slutt innsjå at dette hadde med min eigen forfengelegheit å gjera, og redsla over at viss eg skreiv for jenter og om jenteting så var eg verken seriøs, spesielt reflektert,  smart eller hadde noko viktig på hjarta. For stemmer det ikkje at kvinnekultur og kvinnelitteratur har mindre verdi? Stemmer det ikkje at menn og gutar ikkje les bøker av kvinner?

Etter kvart kom eg fram til at eg måtte møta mi indre redsle, min indre vesle kvinnehatar, mi indre kvinneforakt.  For eg tenkte at om eg går med sånne tankar, så er det sikkert ganske mange andre jenter og kvinner som også tvillar på sin eigen verdi. Som trur at historier om jenter i puberteten er mindre viktig enn bøker om gutepubertet at kvinneliv er mindre verd å lesa om enn manneliv. 

Mitt kall
Så Guri Fjeldberg, ei kvinne eg respekterer, sette meg på eit spor med sin kritikk. Ho skreiv noko som blei høgst avgjerande for korleis min forfattarskap skulle utvikla seg. Eg skjøna at det å skriva for jenter var kallet mitt. Det var mi oppgåve som forfattar. Å skriva bøker som gir jenter mot og kraft. Noko som har vore særlig viktig for meg er å skriva om jenter sin seksualitet som noko fint og sjølvsagt. At jenter bestemmer over sin eigen kropp og kan nyta ein one night stand utan å vera horer.

Kvinnelitteratur
Haustens bok heiter Kirsebærsnø. Det er ein kjærleiksroman, men også ein roman som handlar om kor gale det kan gå når ei kvinne manglar trua på seg sjølv. Eg vil gå så langt som å seia at Cathrine i boka har eit mindreverdighetskompleks. Ho har gifta seg med ein mann som ho har klare tankar om at er betre og meir populær enn seg sjølv, så ho kompenserer med å gjera alt for han. Tom Ove skal ikkje vera i tvil om at han gjorde rett i å gifta seg med henne og ikkje ei av dei andre jentene som låg langflat etter han. Men gjer dette Tom Ove til ein dårlig mann og ein drittsekk? Er det hans feil at Cathrine ligg for føtene hans som nedfallsfrukt? Nei, så enkelt er det ikkje. Det er ikkje hans feil. No trur eg at både menn og kvinner kan kjenna seg igjen i det å vera den som elskar mest i eit forhold, og å vera den som elskar minst. Eg har prøvd meg i begge rollar med meir eller mindre tårevåte og katastrofale utfall. Ein journalist sa til meg her om dagen: Bøker om kvinner handlar om kvinneliv, mens bøker om menn handlar om livet. Har ho rett i det?

Menns kvardagsliv og seksualitet er kunst, kvinners kvardagsliv og seksualitet er intimitetstyranni.

Damer les
Det finst sikkert noko statistikk på dette, men mitt inntrykk er at damer og jenter les meir enn gutar. Så sånn sett er det jo veldig smart å skriva for damer, viss ein har som mål å bli lest.  Eg mistenker også at det finns fleire kvinner enn menn som er med i boksirklar, og min draum for Kirsebærsnø er at den skal bli diskutert over raudvinsglas og tekoppar av mange flotte lesande kvinner. Ingenting vil gle mitt kvinnehjarta meir, enn å få vera med på gi medsøstrer ei god leseoppleving og samtidig noko å tenka på. Eg har sjølv vakse opp med lesande og tenkande kvinner rundt meg, noko som eg på ingen måte vil undervurdera verdien av. Saman med mormor las eg mellom anna Amalie Skram, Anne Karin Elstad, Dikken Zwilgmeyer, Herbjørg Wassmo. Vi las og snakka om det vi hadde lese, så på mange måtar var vi ein mikroboksirkel. Samtalen kring bøkene vi las, var ei vel så viktig oppleving som å lesa boka.

Eg elskar menn
Når alt dette er skrive, så vil eg på det sterkaste understreka at eg elskar menn. Menn har gitt livet mitt mykje rikt innhald på både det eine og andre planet. Dette er ikkje eit rop om at menn skal sjå og respektera kvinner. For eg trur at vi først må byggja opp ei tru inni oss sjølv på at kvinneliva våre har verdi. Vi må begynna med oss sjølv. Eg kan ikkje krevja at nokon skal ha respekt for meg, men eg kan byggja sjølvrespekt. Og har eg det, då er eg sterk nok til å drita i kva andre meiner på heiltid. Det er sjukt frigjerande.

Les bloggposten hennar i Samlagsbloggen!