Råskinn med propell på ryggen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Naudsynt tillate til lågtflyging var henta frå Luftfartsverket, og da veret tillot fluging laurdag kveld, vart ein vitne til spektakulære manøvrar med farkostar susande rett over mark og tretoppar.

Denne formen for luftsport blir det arrangert verdsmeisterskap i, og ein håpar at ein snart får stabla på vingane eit norsk landslag som kan delta i internasjonale konkurransar.

Pilotane kan minne om Karlsson på taket, der dei flyg av garde med motor og stor propell på ryggen. Til skilnad frå Astrid Lindgrens kjende figur hadde pilotane i Vågå ein paraglider å styre med.

Konkurransen gjekk ut på nærast å køyre slalom å sparke til stikker som var sett ned på landingsplassen utanfor luftsportsenteret. Vi vart vitne ti mange treff, og seier oss på vegne av dei flugande glade for at stikkene ikkje trefte dei plassar det verkeleg kunne gjort vondt.

Stemnegeneral Arne Hillestad forsikra om at sporten ikkje inneber store farer, og at pilotar som driv denne sporten har den høgaste utdanninga som paraglidarar.

Les saka i Fjuken!