Mangfaldig filmhaust

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sterkt damebeite

 24. august startar det norske filmballet med premieren på «Kon-Tiki», den dyraste norske filmen nokosinne.

Han innleier ein 14 filmar sterk, norsk filmhaust som direktør Nina Refseth i Norsk filminstitutt kallar «bra og mangfaldig» – og der kjønnsbalansen ei kort stund er attfunnen.

Sterkt damebeite
Fem av filmane har kvinnelege regissørar. Det er kinodokumentarane «Til ungdommen» (Kari Anne Moe) og «De andre» (Margreth Olin), og langfilmane «90 minutt» (Eva Sørhaug), «Uskyld» (Sara Johnsen) og «Skvis» (Kathrine Haugen).

Ein sjette – regissert av ein av regidebutantane i år, forfattaren Dag Johan Haugerud, som no prøver seg på langfilm – byr på heile 10 kvinneroller i «Som du ser meg». Og i mellomalder-actionen «Flukt» har ein både kvinneleg skurk og to unge heltinner, for å nemne nokre av filmane.

Det lover dermed godt for klassen for kvinnelege skodespelarar i Amanda neste år, der ein til prisutdelinga komande helg berre har funne to utøvarar å nominere det siste året.

Utanlands lovar filmhausten også bra for norsk film: Ein av filmane, «Mer eller mindre mann», har alt vunne to prisar under filmfestivalen i Karlovy Var, medan både «Uskyld», «90 minutt» og «Kon-Tiki» er tekne ut til Toronto-festivalen.

Partnardrap med Hennie
Om filmen til Eva Sørhaug, som skildrar halvannan time før tre norske menn drep kjærastane sine, heiter det frå Toronto-festivalen «at den strammar grepet på deg som ein skrekkfilm».

– Eg vart inspirert av at Noreg ligg på verdstoppen i partnardrap. Det er litt av eit paradoks i eitt av dei mest likestilte landa i verda, seier regissøren, som valde å skildre det frå ståstaden til mennene. Dei blir spelt av Aksel Hennie, Mads Ousdal og Bjørn Floberg.

– Det er litt trongt å vere mann i dag, seier Sørhaug, som meiner ein film «må rope i forhold til tema».

– Dette er ein film det er umogleg å stille seg likesæl til. Det blir laga mykje bra, men ufarleg, film i Noreg i dag. Eg ville opne opp og leggje skiten på bordet. Men det er ein spenningsfilm også, seier Sørhaug til NTB.

Pia Tjelta og Kaia Varjord spelar drapsoffer.

– Det var film vi laga. Men eg måtte ha frosne erteposar her og der, røpa spinkle Varjord, som spelte partnaren til den hardtslåande rollekarakteren til Hennie, om innspelingsprosessen.

Tredje frå Johnsen
Det er store forventningar til den tredje spelefilmen til Sara Johnsen. «Uskyld» er ifølgje regissøren «eit ekte trekantdrama» der stikkorda er «éit brotsverk, to brør, éi kvinne», sistnemnde blir spelt av Maria Bonnevie.

– Det er ei spesiell og merkeleg historie. Karakteren til Maria prøver å kontrollere noko ho ikkje kan kontrollere; begjær, hat, forelsking. Dette handlar om kvinners forhold til mannen – og til naturen. At ein prøver å forstå menneska ut frå dei ukontrollerbare naturkreftene, seier Johnsen.

Som hadde ideen lenge før «Underdog»-suksessen, men seier det er ein mykje meir risikabel film.

– Du har ikkje sett han før, han er spesiell, seier ho utan å blunke. Ho vil at publikum skal delta i ei oppleving når dei ser han, «ikkje berre få noko».

Også Margreth Olin har eit sterkt ønskje om å nå fram til publikum – om enn med ein heilt annan type film: Dokumentaren «De andre» løftar fram nokre unge menn i Noreg, asylsøkjarar som veit dei vil bli sendt ut av landet når dei fyller 18.

– Dette er forteljingane deira. Det eg ber om, er at folk lyttar. Av alle filmane eg har gjort, er dette den mest rørande, den ømmaste, og det sterkaste stoffet eg nokosinne har gjort. Om folk berre ser éin film i år, så sjå denne, seier ei innstendig Olin.

Pprøv den store bok-blir-film-quizen vår!

22. juli
I «De andre» er det ein sekvens der Olin set hjelpa dei unge overlevande etter Utøya fekk når dei kom svømmande mot land, opp mot det som ventar ein ung jente som når breidda og blir bedt av politiet om å «svømme tilbake». Sterkt, men nødvendig, meiner Olin.

Regissørkollega Kari Anne Moe opplevde at innspelinga av dokumentaren hennar, «Til ungdommen», vart innhenta av ei uverkeleg verkelegheit. Ho var alt i gang med å skildre fire norske ungdomspolitikarar. Ein av dei, Johanne frå AUF, var på Utøya. Dette er første gongen terroren som ramma Noreg, blir skildra på kino.

– Vi filma på Utøya på føremiddagen 22. juli, seier Moe.

LES OGSÅ: Filma valkampen – så endra alt seg

Dermed sat filmteamet på dei siste bileta frå det som vart den siste dagen for mange unge menneske. Det var eit stort ansvar.

– Det vart ein viktigare film enn vi først hadde tenkt. Men når noko så grufullt skjer, blir også det positive så mykje sterkare. Dette er ei hylling til demokratiet, og til dei 15-åringane som rekkjer opp handa i klasserommet og vil gjere ein forskjell. Desse ungdommane fortener å bli sett og lytta til, slår ho fast. (©NPK)

Prøv vår quiz om skrekkfilmar her!

Kon-Tiki

Historia om Thor Heyerdahl sett utanfrå

Premiere: 24. august.

Regi: Joachim Rønning og Espen Sandberg

På rollelista: Pål Sverre Hagen, Agnes Kittelsen, Anders Baasmo Christiansen

Sagt om filmen: – Vi har den beste haien på film nokosinne (Rønning)

 

Til ungdommen

Kinodokumentar om fire ungdomspolitikarar før og etter 22. juli.

Premiere: 31. august

Regi: Kari Anne Moe

Medverkande som seg sjølve: Henrik Wangberg, Johanne Butenschøn Lindheim, Sana El Morabit, Haakon Kvenna Veum

Sagt om filmen: – Vi har dei siste bileta frå den siste dagen til mange unge menneske, det er eit stort ansvar (produsent Tone Grøttjord)

Tina & Bettina

Ungdomskomedie om dei to bloggarane, basert på innslaget frå «Torsdag kveld fra Nydalen.

Premiere: 7. september

Regi: Simen Alsvik

Medverkande: Odd-Magnus Williamson, Henrik Thodesen, Triana Iglesias, Else Kåss Furuseth

Sagt om filmen: – Det kom ein manusforfattar til oss. Vi tenkte «du må leggjast inn». Etter 26 utkast vart det bra (Williamson)

Mer eller mindre mann

Dramakomedie om Henrik som ikkje vil bli vaksen, men som må det når han blir far.

Premiere: 14. september

Regi: Martin Lund

Medverkande: Henrik Rafaelsen, Janne Heltberg Haarseth

Sagt om filmen: – Kan du danse utan ironi? (promo-t-skjorta til Lund)

Som du ser meg

Ein dramafilm som fortel tre ulike historier frå livet til vanlege folk.

Premiere: 14. september

Regi: Dag Johan Haugerud

Medverkande: Laila Goody, Andrea Bræin Hovig, Anne Marit Jakobsen, Henriette Steenstrup, Ane Dahl Torp, Andrine Sæther

Sagt om filmen: – Det er ein film om kvardagsmenneske (Haugerud)

90 minutter

Nervepirrande drama om tre menn på brestepunktet, i halvannan time før dei drep nokon, sett frå deira synspunkt

Premiere: 21. september

Regi: Eva Sørhaug

Medverkande: Aksel Hennie, Mads Ousdal, Bjørn Floberg, Kaia Varjord, Pia Tjelta

Sagt om filmen: – Eg vil ikkje demonisere (Sørhaug)

Flukt

Mellomalderdrama med armbrøstaction frå «Fritt vilt»-gjengen

Premiere: 28. september

Regi: Roar Uthaug

Medverkande: Ingrid Bolsø Berdal, Isabel Andreasen, Milla Olin

Sagt om filmen: – Selt til over 50 land (nøgd produsent)

Liv og Ingmar

Filmskaparane har sjølv vorte film når historia om Liv Ullmann og Ingmar Bergman blir fortalt av ein indisk-britisk regissør

Premiere: 28. september

Regi: Dheeraj Akolkar

Medverkande: Liv Ullmann i eit omfattande intervju, Bergman via filmklipp

Sagt om filmen: – Det vakraste er at det er ein film om to menneske (Akolkar)

Skvis

Hestemiljødramaet frå Sør-Helgeland held fram i denne ungjentefilmen, der ein gut gjer sitt inntog

Premiere: 5. oktober

Regi: Kathrine Haugen

Medverkande: Elisa Strømberg Mærlie, Julie Nordhuus, Marte Vonheim, Hanne Øberg, Steffen Fagerbakk

Sagt om filmen: – Eit stadie frå hestar til gutar, det går ut over hestelivet (Nordhuus)

En som deg

Kjærleikshistorie om kvar grensa går mellom den store kjærleiken – og den som kanskje ikkje er det.

Premiere: 12. oktober

Regi: Eirik Svensson

Medverkande: Espen Klouman-Høiner, Pamela Tola

To liv

Norsk-tysk dramathriller med bakteppe frå Hitlers Lebensborn-prosjekt, der spørsmålet er kor godt du kjenner den du elskar.

Premiere: 19. oktober

Regi: Georg Maas

Medverkande: Liv Ullmann, Sven Nordin, Julia Bache-Wiig

Sagt om filmen: – Eit kammerspel (Nordin)

De andre

Ny lang dokumentar frå Olin om einslege, mindreårige asylsøkjarar som blir sende ut av Noreg når dei fyller 18.

Premiere: 26. oktober

Regi: Margreth Olin

Sagt om filmen: – Kva gjer vi når vi bryt med etiske grunnprinsipp? (Olin)

Uskyld

Trekantdrama med kjærleik, død, to brør og ei kvinne.

Premiere: 26. oktober

Regi: Sara Johnsen

Medverkande: Maria Bonnevie, Kristoffer Joner

Sagt om filmen: – Ei spesiell og merkeleg historie (Johnsen)

Reisen til julestjernen

Sonja kjem tilbake i ny drakt – der ho som alltid jaktar på julestjerna.

Premiere: 9. november

Regi: Nils Gaup

Medverkande: Vilde Marie Zeiner, Anders Baasmo Christiansen, Agnes Kittelsen, Eilif Hellum Noraker

Sagt om filmen: – Skumlare og meir spennande enn den gamle (Noraker)

Prøv vår quiz om bøker som blir film!