Ny satsing på ungdomsbedrifter

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungt Entreprenørskap Rogaland vil spissa satsinga på Ungdomsbedrift (UB), med fleire nye tilbod for skuleåret 2012/2013. Det blir lagt opp til leiarseminar, presentasjonskurs, internasjonalt samarbeid og nettverkssamlingar for UB-lærarar dette året.

— Nå set me lærarane i fokus for at fleire vgs-elevar skal få tilbod om å driva UB, seier Vibecke Lykke Olsen, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Rogaland.

I fjor dreiv 700 elever slike bedrifter i Rogaland, og storparten av desse stilte ut og konkurrerte på Entreprenørskapsdagen i Stavanger Forum i mars. Vinnarane går vidare til NM for UB.

— Målet med Ungdomsbedrift er først og fremst læring. Elevane jobbar med faga på ein kreativ, praktisk og engasjerande måte. Det gir fagleg motivasjon og auka meistring. Elevar som driv Ungdomsbedrift synest heilt klart det er gøy å læra! seier Trine Skogland Bjerga, rådgjevar i Ungt Entreprenørskap Rogaland.

I Vindafjord har både Ølen vgs og Lundeneset vgs deltatt i UB-opplegget. Det blir også arrangert i Hordaland der Etne vgs har vore ein av dei deltakande skulane.

Les saka i Grannar!