Kommenter sjølv!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Det finst noko som er meir irriterande enn for mykje sport på tv. Og det er folk som irriterer seg over for mykje sport på tv.

Og det finst noko som er meir irriterande enn sportskommentatorar som av og til seier rare ting.

Du forstår sikkert kva eg meiner.

Derfor, sidan dette er Norges mest konstruktive (og barnslige) avisspalte, her kjem eit konstruktivt (og barnslig) forslag til alle som bruker energi på å irritere seg over at OL-kommentatorane av og til seier rare ting:

PRØV SJØLV!

Når du er sportskommentator og skal kommentere for eksempel ein handballkamp, så må det gå fort. Du har ikkje tid til å slå opp, tenke, google eller spørje vennene dine på twitter først. Setninga må komme med ein einaste gong. Og om du først har begynt på ei setning, så må du fullføre ho på ein eller annan måte. Fort. Berre prøv sjølv å fullføre setningane under her, og du vil sjå at uansett korleis setningane sluttar, så er det lett å vere kritisk. Kjempelett:

Dette er meir spennande enn…

  1. … ein stakkar kan klare. (Du klarer det jo tydeligvis, sidan du sitt der og kommenterer framleis. Dessutan er du ingen stakkar. Du er ein vaksen person med heilt greitt betalt arbeid i ei leiande norsk mediebedrift. Det er mange som drøymer om ein slik jobb. Tur til London får du også.)
  2. … ein Hitchcock-film. (Hitchcock?! Er det verkelig den ferskaste filmreferansen du kan komme på? Når var du sist på kino? 1960?)
  3. … den forrige kampen i dette mesterskapet. (Å, for ei fantasifull samanlikning)

Eg har ikkje sett betre keeperspel sidan…

  1. … Ålesund brann. (Nei, men så har du då heller ikkje sett alt keeperspelet sidan Ålesund brann. Med mindre du er langt over hundre år gammal.)
  2. … krigen. (Upresist. Kva for ein krig? Og er det eigentlig spesielt smakfullt å komme trekkande med krig?)
  3. … kvartfinalen. (Å, du verden for ein fantastisk hukommelse du har)

Dei norske jentene kjempar som…

  1. … løver. (Løver? Kva er det du meiner eigentlig? At det norske landslaget i handball går på alle fire? Dessutan blir OL arrangert i London. Det finst ikkje ville løver i London. Så kva er det eigentlig du seier? At det norske forsvaret ikkje finst? Eller at dei norske spelarane oppfører seg som dyr i bur?)
  2. … heltar. (Ein hån mot alle dei verkelige heltane som finst det ute.)
  3. … vanlig. (Å, for ei fantasifull formulering)

Det norske forsvaret er som…

  1. … ein mur. (Verkelig? Har du sett mange murar i shorts som hoppar opp og ned og viftar med armane i det siste?)
  2. … ein vegg. (Verkelig? Har du sett mange veggar i shorts som hoppar opp og ned og viftar med armane i det siste?)
  3. … ein mur av kjempande løver. (Verkelig? Har du sett mange murar i shorts som står på alle fire i bur og hoppar opp og ned og viftar med armane i det siste?)
  4. … i semifinalen i Beijing-OL. (Å, for ei fantasifull samanlikning)

Ser du? Dette er ikkje lett. Men det er lett å vere kritisk. Kjempelett.

Du må gjerne prøve den same øvinga neste gong for eksempel ein politikar får kritikk. Det er ei fin (og litt barnslig) øving. Prøv sjølv å svare på kritikken. Prøv sjølv å fullføre setninga under her. Fort. 

Denne kritikken…

  1. … er useriøs (Du tek ikkje dette alvorlig)
  2. … tek eg veldig alvorlig (Det er lett å seie)
  3. … er heilt på sin plass, eg beklagar det som har skjedd og lover å gjere alt eg kan for å rydde opp (Åja, du tek det gamle legge-seg-flat-trikset)

Ser du?

Og berre for å irritere avsluttar eg med ein orddelings feil.