Galningar skal skape interesse for Garborg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Garborgs galningar er ein samansett tekst, skriv Garborgsenteret i ei pressemelding.

Handlinga går føre seg på eit fiktivt Bryne, der alle elskar Garborg, og der ungdomane får Garborg-verk i konfirmasjonsgåve. Den dagen Garborg veks inn i himmelen, skal det ifølgje spådomen kome ein ny Garborg.

Over 20 personar bidreg i episodane, og tekstane utnyttar moglegheita mediet har til å gjere nytte av lyd og hyperlenkjer. Nærleiken mellom tid og stad på internett er òg ein sentral del av den samansette teksten. Episodane skal gje eit inntrykk av å ha blitt laga same dag som dei blir lagt ut.

Den første episoden kom 8. august, og det skal kome ein ny del kvar dag fram til opninga 5. september.

Følg med på Framtida.origo.no for å få med deg alle episodane!