Statnett har stogga arbeidet

Masteaksjonistar i Hardanger aksjonerte.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Statnett har førebels stogga arbeidet etter at aksjonistar har slått seg til på riggplassen i Folkedal.

Aksjonistane har varsla at dei vil koma til å aksjonera fleire andre stader også.

Nokon har planar om å slå seg til på ei eller anna side av fjordspennet, andre på Eide (kaien i Granvin). Dei tek sikte på å utføra sivil ulydnad.

GÅ TIL TEMASIDENE VÅRE FOR KRAFTLINJESAKA!

Anita Aalvik i aksjonsgruppa ville fredag morgon ikkje seia så mykje om aksjonen sidan dei ikkje hadde halde på så lenge.

– Me ventar at politiet vil koma her snart, så lenge me har stogga arbeidet, fortel ho til Hordaland.

– Me har akkurat fått melding om aksjonen og er på veg, fortalde politifyrstebetjent ved Voss lensmannsdistrikt, Jostein Skeie ved halv ni-tida fredag morgon.

Les saka i Avisa Hordaland!