Avslutta den sivile ulydnaden, men lovar å kjempe vidare både politisk og juridisk.

NPK-NTB-Alexander Vestrum
NPK-NTB-Alexander Vestrum

23 aksjonistar prøvde fredag å hindre arbeidet ved monteringsområdet i Øvre Folkedal og området der det skal byggjast eit fjordspenn.

Seks personar vart henta frå Øvre Folkedal, opplyser operasjonsleiar Morten Kronen i Hordaland politidistrikt til NTB.

– Dei hindra helikoptertrafikken ved basen til Statnett og blir ilagt førelegg, fortalde operasjonsleiaren fredag ettermiddag.

LES OGSÅ: Statnett har stogga arbeidet

Barnevernet var med under politiaksjonen fordi ein av personane var ein tolvåring, opplyser Kronen. Foreldra skal ha vore klar over at vedkomande deltok.

Avsluttar med markering
Aksjonen i Granvin fredag var den siste av denne typen, opplyser Hardangeraksjonen.

– No som anleggsarbeidet er kome så langt og mastene reiser seg rundt oss, kjem vi ingen veg med sivil ulydnad lenger, seier nestleiar Anita Aalvik.

Neste helg blir slutten på demonstrasjonane markert med eit arrangement på Jonstøl i Ulvik.

– Dette blir ei siste markering for å vise at vi aldri kjem til å godta det statlege overgrepet og for å vise at motstanden framleis er sterk, sjølv om vi no avsluttar aksjonen, fortset nestleiaren.

To års kamp
Det er to år sidan regjeringa gav klarsignal for den omstridde kraftlinja mellom Sima og Samnanger i Hardanger. Vedtaket utløyste kraftig kritikk frå opposisjonsparti, frå lokalavdelingane til regjeringspartia på Vestlandet, dei berørte kommunane og miljøvernarar.
Arbeidet med å setje opp mastene starta same haust. (©NPK)

GÅ TIL TEMASIDENE VÅRE FOR KRAFTLINJESAKA!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

ANNONSE