Regissør Peter Jackson stadfestar at det blir tre filmar basert på boka Hobbiten. 

NPK
NPK

Det er uklart om det skal filmast nye scener til den tredje filmen, eller om det dreiar seg om omklipp av materialet som allereie er ferdig, skriv NRK.no.

Hovudopptaka blei ferdige 6. juli i år, så det kan tyde på at mesteparten av den nye filmen vil bli skapt ut ifrå dette.

Den første filmen i trilogien skal framleis ha verdspremiere 14. desember i år, medan film nummer to kjem – som planlagt – året etter. Den tredje filmen får premiere sommaren 2014.

Fran Walsh og Philippa Boyens har skrive manuset til, og produsert Ringenes Herre- og Hobbiten-filmane, saman med Jackson. (©NPK)

Filmklipp:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE