Kringkastarar slaktar London-OL

Mangel på tidsreferansar og øvingar som blir sett i gang før tida, er blant grunnane til at fleire kringkastarar rasar mot arrangørane av London-OL.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) og NRK er blant dei som rettar skarp kritikk mot TV-sendingane frå OL, ifølgje P4.

EBU går så langt som å kalle OL i år for det teknisk verste sidan leikane i Atlanta i 1996.

– Dette er kjempealvorleg og blir av engelske medium omtalt som horribelt, seier programsjef Odd Kaldefoss i EBU til P4.

Særleg gjorde fellesstarten i sykling for menn laurdag at både sjåarar og TV-selskap reagerte. Løpet mangla både tidsreferansar og grafikk, noko Den internasjonale olympiske komiteen (IOK) skulda på eit overbelasta datanett.

Faktisk meinte IOK at bruk av Twitter og andre nettbaserte mobilapplikasjonar gjorde at sykkelsendinga gjekk utan grafikk og tidtaking. Det er ei forklaring sportsredaktør Rune Haug i NRK er lite imponert over.

– Dersom det stemmer at IOK brukar eit system som er avhengig av at folk avgrensar mobilbruken sin, er det berre å ønskje god betring. Då eg høyrde denne forklaringa første gong, trudde eg det var ein spøk, seier Haug til NRK.

Ein annan ting som får EBU til å reagere, er at OL-arrangørane har sett i gang enkelte øvingar før oppsett tid – fordi dei var redde for regn.

– Det er fullstendig uakseptabelt. Å starte før tida er det verste som kan skje for alle kringkastarar, seier Odd Kaldefoss.

Ifølgje P4 har OL-arrangøren lagt seg flat for kritikken frå EBU. (©NPK)

Les òg: Twitter knebla kritisk OL-journalist