Liten vits i å kjede seg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fylgje 15 år gamle Tarjei er gjennomsnittsalderen i Grungedal i Vinje ganske høg. Men det plagar ikkje han nemneverdig. Han er ein av ganske få grungedølar på sin alder, men set seg aldri ned og klagar over at det er lite å finne på, at han ikkje har nokon «å leike med» eller at det er lite å sjå på fjernsyn.
I staden har han, så lenge han har vore i stand til å gå, funne på meir enn han eigentleg har hatt tid til å drive med. Snøbrett og skateboard. Jakt. Gitarspeling – Tarjei spelar i bandet Headless Children med medelevar ved Edland skule. Innøving av heftige trampolinetriks. Fiske.
– Ein må finne på ting sjølv, slår Tarjei fast, enkelt og greitt. 
Dessutan har han lært at dette med alder berre er eit tal. 
– Det er ikkje så mange på min alder som er interesserte i det eg er interessert i. Då må ein sjå vekk frå aldersgrenser, meiner 15-åringen.
Og det er dei flinke til i Grungedal. Yngstemann Tarjei har tilbrakt store delar av oppveksten sin saman med dei fire syskena sine. Skateinteressa har han fått av systera Åse Kristin. Broren Sondre er 13 år eldre enn Tarjei, og 15-åringen har bruka mykje tid både på jakt og i puddersnøen med han og kompisane. 
– Trur du at du har blitt eldre i hovudet av å vera så mykje med dei som er eldre enn det? 
– Nei, eg trur faktisk eg har blitt meir barnsleg av det, seier Tarjei bestemt.
Og tek ein god sup kaffi frå koppen han har framfor seg. 

Like bra som Canada 
Det er snøbrettet som kanskje er den mest altoppslukande interessa til Tarjei. No er det sommar, men det er lett å sjå puddersnøkrystallane i augo hans når han fortel om rennene på andre sida av Grungevatn, og den tøffe løypa i lia litt lenger opp i bygda. 
– Bror min har vore i Canada, og han seier det er like bra forhold her, kyter Tarjei. 
Er det bra forhold ein dag, blir han meir enn gjerne med broren og kompisane opp i liene der dei har rydda løyper. Då tek dei brettet på ryggen og traskar i veg opp dei bratte bakkane. På ein god dag rekk dei kanskje tri turar. Då stoppar dei undervegs, byggjer eit hopp, finn ein fin plass å fotografere og filme, drikk litt kaffi, og tek ein tur til. 
– Det kan vera ganske slitsamt, men det er utruleg moro, seier Tarjei. 
Ein annan dag låner dei kanskje traktoren til far og byggjer hopp på jordet. Den same faren som elles har eit høgt tal med timar i felten for å hjelpe ungane med å leggje til rette for alt dei finn på, i fylgje Tarjei. Og den same faren som står på twintip-ski.
– Resten av familien står på brett. Det er Sondres forteneste, legg han til. 

På tide med kaffi 
Og apropos Sondres «forteneste» – når starta eigentleg Tarjei å drikke kaffi?
– Eg gjekk vel i fjerde klasse … Bror min meinte det var på tide, så eg hadde ikkje noko val. Men eg fekk beskjed om at eg ikkje måtte drikke så mykje, for då ville eg slutte å vekse, forklarar Tarjei, og gliser eit svært karakteristisk og breitt glis. 
Men slutte å vekse gjorde han altså ikkje, og det er slett ikkje nokon liten pusling som skal opp i tiande klasse ved Edland skule om få veker. 
Deretter går vegen vidare til elektrolina, fagbrev og ingeniørstudiar, er planen. Og etter kvart skal han heim att til Grungedal – det er han temmeleg sikker på. 
– Kva om du møter kvinna i ditt liv utanfor Grungedal – korleis har du tenkt å selje inn bygda til henne slik at ho blir med deg? 
Tarjei tenker seg litt om, men svaret kjem temmeleg kjapt:
– Det må bli med snøbrett og jakt, det. 
– Kjem ho til å falle for det, trur du? 
– Ja, det håpar eg då. 

Ein Tarjei i kvar bygd? 
Tarjei kan ikkje tenkje seg nokon betre stad å vera enn heime i Grungedal, sjølv om han håpar at det kjem fleire yngre tilflyttarar til grenda med tida. 
– Godt fiske, gode sider å renne i, eigen bygdeveg, fine jorde, med litt mykje stein, då – det er berre betre enn andre plassar, smiler Tarjei.
Men når han forklarar kva som er bra med bygda si, kunne skildringa passa veldig mange andre småbygder i Noreg også. Så kanskje det ikkje er plassen i seg sjølv som er så viktig – men menneska som bur der? Ein ting er i alle fall sikkert: Alle småbygder treng ein Tarjei. 

Les saka i VTB!