Skremt bergensar flykta berrføtt frå bjørnebrøl
Ein skremt bergensar og ein kamerat var på telttur ved Helleland i Rogaland då dei natt til fredag høyrde det dei var sikre på måtte vere bjørnebrøl.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Flykta berrføtt frå bjørnebrøl
– Dei melde frå i fullt alvor om at dei hadde høyrd bjørnebrøl, fortel operasjonsleiar Victor Jensen i Rogaland politidistrikt til NTB.
Dei vettskremde teltturistane ringte politiet frå ein bensinstasjon i Helleland rett før klokka 4.30. Då hadde dei sprunge berrføtt ned frå fjellet i 30 minutt, skråsikre på at det var bjørnebrøl dei hadde høyrd.
– Dei hadde vakna av fem-seks kraftige brøl som dei meinte måtte vere bjørnebrøl, trass i at dei aldri har høyrd ein bjørn brøle før. Dei blei så skremte at dei forlét teltet i hui og hast og sprang ned til E39, seier operasjonsleiaren.
Teltturistane droppa dermed teltet for natta og søkte i staden ly på motellet på Helleland for resten av natta.
– Dei vil ta seg opp igjen for å hente teltet når det blir dagslys, fortel operasjonsleiaren. (©NPK)