Ikkje berre forfattar og spelemann

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som så ofte denne sommaren, ausar regnet ned. Vindaugsviskarane arbeider frenetisk for å halde regnet unna, og me er på veg ut på tur. Vått vêr treng ikkje å stoppe ein frå å ta beina fatt i Vest-Telemarks flotte natur. Det stoppar iallfall ikkje Stein Versto frå å ta med VTB på tur i eit område han har ferdast mykje i heilt frå han sprang rundt her som liten gut. Kanskje har nokon av bøkene hans også fått sitt utspring akkurat på desse stiane?

Fin styrkeprøve
Anorakken og fjellstøvlane er på og me traskar i veg opp mot eit utsiktspunkt Stein Versto ofte har tatt turen til. Furufjell er målet, eller Furuhovd som diktaren sjølv kallar toppen.

– Det står vel Furufjell på kartet, men Furuhovd er det namnet me alltid har bruka, seier han medan me slenger tursekken på ryggen og set av garde.

Ein merkar fort at denne mannen har eit sterkt forhold til fjell og natur. Samstundes som me i det lengste prøvar å halde oss tørre på beina, og hoppe unna dei verste gjørmepyttane, fortel han villig om dei mange ski- og fotturane han har hatt i området.

– I området her har eg vore mykje, både i oppveksten og som vaksen. Då eg var gutunge tok mor og far tok oss me hit på ski om søndagane. Og i seinare tid har eg teke med ungane mine. Turen opp til Furuhovd er ei fin styrkeprøve og ein grei topp å byrje med for ein fem-seksåring. Ikkje er det særleg bratt eller langt, men likevel får ein god utsikt frå toppen, seier han om turen me akkurat har sett i gang med.

Like før me køyrde av vegen og parkerte bilen stod det eit skilt om ein annan topp Versto gjerne ville teke oss med på.

– Vedhuskjerringi må vel seiast å vere den største favoritten. Eg trur det er noko med å sjå heimbygda si frå eit anna perspektiv. Det er jo frå den nuten ein kan sjå mest av kommunen, både Rauland, Åmot, Ytre Vinje og grendene rundt. I alle fall ein gong kvar sommar må eg opp dit, og helst ein gong om vinteren au, seier han om den 1356 meter høge toppen.

Frå ei grend til ei anna
Men vinbyggjen er ikkje ein som må opp på toppen for at han kan kalle det ein tur. Noko av det han likar best er å oppleve grender på ein heilt ny måte.

– Eg likar godt å gå frå ein stad til ein annan. Ein tur eg ofte har tatt er frå Mannås til Tveitogrend. Når ein går slik frå ei grend eller bygd til ei anna opplever ein staden på ein heilt annan måte. Det er i Tveitogrend eg har vakse opp, men når eg går frå Mannås og kjem over og ser

Tveito frå den kanten er det ei heilt anna oppleving. Ein oppdagar på ein måte grenda heilt på nytt, frå ein ukjend synsvinkel. Om vinteren har me av og til gått på ski frå Bikkjelid på Møsstrond og ned til Nørsteteig i Svartdal. Det er vel ein tur på rundt tri mil, og ein veldig fin skitur. Ein er liksom på veg på ein annan måte enn ein elles er på tur når ein går slik frå stad til stad.

Stillheita
Det surklar i skoa, og duskregnet me byrja i er ikkje langt frå å utvikle seg til høljeregn. Målet om å vere tørrskodd på toppen har me for lengst gått vekk i frå. Men på eit vis er det også godt å vere ute på ein slik dag og kjenne vêret på kroppen, blir me to einige om.

– Som alle andre er eg mest glad i turar i fint vêr, men det kan hende eg dristar meg ut sjølv om ikkje sola skin på meg, seier han medan regnmengda aukar endå eit hakk rett før me nærmar oss toppen.

Den fine utsikta mot Gaustatoppen, Raulandsfjella og mot Tokke som Stein har prata så varmt om er vanskeleg å få auge på når me etter om lag ein halvtimes gange er på toppen. Tåka ligg tjukt i kring oss, og me går glipp av den omtalte nydelege utsikta. Med ein varm kopp te prøvar me likevel å nyte tilværet på rett under 1000 meters høgde, og stiller Versto dagens viktigaste spørsmål mellom teslurkane.

– Kva betyr fjellet for deg?

– Det viktigaste av alt for meg er stillheita. Det einaste ein treng å gjere er å gå. Eg trur me på ein måte tenkjer for mykje no i dag. Av og til treng me å stoppe opp og ikkje tenkje, og det trur eg ein lettare klarar på fjellet. Ein får ei ro som er mykje viktigare enn å tenkje dei tekniske tankane. På fjellet kan ein berre vera til, seier han filosofisk og kikkar rundt seg.

Han peikar bort på ein stein og ei bjørk litt nedafor oss og fortel at slike motiv gjev han opplevingar på tur.

– Eg er ikkje noko fotograf, eg berre ser. Men slike augneblinksbilete i naturen gjev meg noko spesielt. Å gå i fjellet er ein måte å få kontakt med noko grunnleggjande i seg sjølv, meiner eg.

Blir inspirert
Vinje-forfattaren har også sine eigne høgdepunkt i løpet av dei mange turane hans til fjells.

– Når ein rundar ein sving og ser kva som er på andre sida eller kjem over ein nut og får eit heilt nytt utsyn. Det er små høgdepunkt for meg undervegs.

Forfattaren hentar også inspirasjon i naturen. Versto som har tri litterære utgjevingar bak seg er no i gang med eit nytt bokprosjekt. Sjølv om han er svært så løyndomsfull når det gjeld den nye boka, legg han ikkje skjul på at han blir inspirert ute i det fri.

– Eg kan absolutt seie eg får inspirasjon frå naturen. Når eg er i gang med eit bokprosjekt slik som no, klarar eg ikkje å leggje frå meg tankane om skrivinga. Då er det å gange slik som det her ein måte å få tømt seg på. Men eg kan også bli inspirert og ikkje minst fascinert av motiv eg ser ute i naturen. Spesielt av stader som har ein identitet. Slik som denne vesle vegen me har gått opp på no. Ein kan ane spor etter menneske, men likevel er det den urørde naturen som dominerar. Det er noko som fascinerar og inspirerar meg, seier 54-åringen.

Me slurpar i oss dei siste restane av teen, knipsar nokre bilete, dessverre utan den store utsikta, og finn ut at me har blitt blaute nok på toppen av Furuhovd. På vegen ned att går Stein seg vill i all filosoferinga og praten, så stigen blir heilt borte for oss. Då er det godt å vere på tur med ein kjentmann som raskt får oss tilbake på rett spor mot bilen og litt etterlengta ly for regnet. Stein håpar at fleire gjer som oss, køyrer mot Hylland parkerar like etter skiltet til Vedhuskjerringi og tek den vesle turen opp til Furuhovd.

– Ein tur perfekt for barnefamiliar eller andre som vil fort opp til topps, slår Stein Versto fast.

Sjølv håpar han også å kome seg til fjells fleire gonger denne sommaren, men sommar er ikkje berre synonymt med ferietid for ein forfattar i ein travel skriveprosess.

– I sommar blir det mykje skrivearbeid, men nokre fjellturar er eg avhengig av. Eg likar å dra på litt i bakkane, sveitte litt og kjenne at eg blir litt sigen. Men mosjonen er berre ein gratisgevinst i forhold til alt det andre ein opplever i naturen. Det er ikkje rart fjellet er heilagt i mange kulturar, smiler han medan me køyrer vekk frå fjella til spelemannen, forfattaren og «fjellfilosofen» Stein Versto.

Les saka i VTB!