Kald og våt sommar gjer oss vêrsjuke

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vêrsjuke av sommaren

Det er månadsvarselet frå Meteorologisk institutt som kjem med den triste nyheita for solhungrige nordmenn. Varselet gjeld frå 23. juli til 23. august, fortel NRK.

– Dei neste vekene ser det ut til at det blir ein kaldare vêrtype enn normalt på denne årstida, seier statsmeteorolog Marit Helene Jensen ved Meteorologisk institutt i Oslo.

Tendensen i månadsvarselet er den same over heile landet, og Jensen ser inga betring med det første.

Ein god del nedbør
– Dei neste 10– 15 dagane er det ikkje noko høgtrykk som byggjer seg opp i Noreg, seier Jensen. Derimot fortel statsmeteorologen at det kan bli ein god del nedbør på Vestlandet, i Midt-Noreg og nordover dei neste vekene.

På Austlandet ser det ut til å bli tørrare, og fleire stader i landet kan det bli bra sommarvêr dei nærmaste dagane.

– Austlandet vil få nokre fine dagar. I Trøndelag blir det heller ikkje så verst, men her kan det bli nokre byer også, seier Jensen.

Les òg: Dårleg sommarvêr er god butikk

Vi blir vêrsjuke
Og det dårlege vêret gjer nordmenn vêrsjuke. Ifølgje ei undersøking InFact har gjort for VG har ein av fire nordmenn vore vêrsjuke i sommar – og kvinner meir enn menn.

– I stor grad handlar det om forventningar som ikkje blir innfridd, seier psykolog Gunnar Oland Åsen til avisa.

Undersøkinga viser at det er trønderar og nordlendingar som toppar lista. Her har ein av tre vore vêrsjuke, mot ein av fire austlendingar. Av vestlendingane har ein av fem vore vêrsjuke denne sommaren.

Vêrsjuke er, ifølgje Store norske leksikon, ei populærnemning på ulike symptom som dukkar opp ved vêrforandring. Dette kan vere konsentrasjonsvanskar, dårleg minne, trøttleik, depresjon og angst – og det rammar kvinner oftare enn menn.

Les òg: Ikkje motlaus av dårleg vêr

Eldre mindre vêrsjuke
Jo eldre ein er, desto mindre vêrsjuk blir ein. Undersøkinga viser at i aldersgruppa 18 til 29 år har heile ein av tre vore vêrsjuke. For dei som har passert 65 er det berre 15 prosent.

Dette meiner Åsen kan ha ein samanheng med at dei eldre kan ha høgare toleranse når ting ikkje går deira veg.

– Vi set oss kanskje ned og seier «ja ja, så vart det ikkje slik i dag».