Rekordmange jenter

48 prosent av dei som har fått tilbod om studieplass ved Noregs handelshøgskole i Bergen til hausten, er jenter. Det er ein klar rekord.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rekordmange jenter

Tidlegare har talet lege på rundt 40 prosent, fortel Bergens Tidende. Rektor Jan I. Haaland seier til avisa at auken er ei veldig gledeleg nyheit og eit resultat av systematisk jobbing over fleire år.

Opptakstala viser òg at siviløkonomutdanninga til skulen er det mest søkte studiet i landet for sjette året på rad, uavhengig av fagdisiplin. (©NPK)