Bygdegangster vidare i Folkets Amanda

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bygdegangster vidare i Amanda

– Det er kjempemoro. Det har gått over all forventning seier Torgeir Hegna, initiativtakar og krumtapp i filmen ”Harde strenger” og Heia Filmproduksjon. 

Det er TV2 og VG som står bak Folkets Amanda. I første runde var det 28 filmar. No har altså ti blitt valde ut til runde to og Bø-filmen ” Harde strenger” er framleis med i kampen medan filmar som ”Knerten i knipe”, ”Into the White”, med Rupert Grint frå Harry Potter, og to Varg Veum-filmar er ute. 

 Fristen for å stemme i andre runde er 7. august. Då blir finalistane plukka ut. Den endelege vinnaren blir kåra under Amandaprisutdelinga direkte på TV2 fredag 17. august.  


Les saka i Bø blad!