Unge Høgre vil halde på 18 år
Etter diskusjon på landsmøtet vedtok Unge Høgre å halde på 18 år som stemmerettsalder.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
«Unge Høgre ynskjer å oppretthalde 18 år som myndigheitsalder.
Det er stor variasjon i kor ansvarlege folk er i alle aldersgrupper, men det er naudsynt å setje ei felles grense.
Unge Høgre meiner 18 år som myndigheitsalder fungerar godt, og har god støtte og ankring i
folkesetnaden.
Rett til å røyste bør òg innebere ein rett til å vere folkevald, men denne forpliktinga følgjer ikkje av
senkinga av stemmerettsalder. Å vere myndig inneber både rettar og plikter. Når rettar og
plikter ikkje hengjer saman slik forslaget om røysterett til 16-åringar legg opp til burde heller ikkje
forslaget vedtakast.»
Slik heiter det i resolusjonen om stemmerett som Unge Høgre vedtok på landsmøtet 22.-24. juni.
UH stiller seg slik på motsett side av Unge Venstre og Sosialistisk Ungdom i denne aktuelle saka.