Kvarud Analyse har laga ein rapport på oppdrag for Virke, hovudorganisasjonen for handel og tenester. Rapporten har sett på utviklinga av butikkhandelen i 2011, skriv Aftenposten. Nettbutikkane er ikkje rekna med.
I rapporten kjem det fram at butikksalet av elektrovarer fall med 1,1 prosent i verdi frå 2010 til 2011, medan totalsalet i den same perioden auka med 2,9 prosent.
Harald Jachwitz Andersen i Virke seier til avisa at prisfallet i bransjen er så sterkt at det til dømes må seljast fleire flatskjermar i dag for at omsetjinga skal vere den same som i 2007. (©NPK)