Lovprisinga kjem frå hovudanker i kveldsnyheitene i TV 2, Arill Riise. Saman med Ingvild Bryn, deler han tittelen Årets nynorskbrukar 2012.

NPK
NPK

Prisen blei delt ut under Dei Nynorske festspela torsdag og blir sett på som ein svært gjev pris fordi han kan bli delt ut blant alle yrkesgrupper og utøvarar som brukar nynorsk, og ikkje journalistar spesielt.

Nynorsk som kvardagsspråk
– Dei unge treng gode førebilete dei kan sjå opp til og kan identifisere seg med, seier Arill Riise til Nynorsk pressekontor før utdelinga.

– Om ein skal kunne halde på sin eigen identitet treng ein nokon som brøytar veg og kan synleggjere at det er greitt å bruke sitt eige språk både på sosiale medium som Twitter og Facebook. Difor er nettopp populærkulturen så viktig for at det nynorske språket skal leve vidare i dag, seier Riise og nemner også namn som Odd Nordstoga, festspelkunstnar Egil Olsen og Vassendgutane i same kategori som Tone Damlie Aaberge.

– Det er fantastisk å sjå og høyre Garden stå og syngje «Gud signe vårt dyre fedreland» på Slottsplassen når kongen og dronninga fyller 75 år og jubilerer. Like flott er det når Herbjørg Kråkevik leier jubileet ved Operaen, kringkasta ut til heile det norske folk, på nynorsk. Men vi kan ikkje berre bruke nynorsken til 17. mai og når vi skal pynte oss, det viktigaste er at vi brukar nynorsk i kvardagen.

Ingvild Bryn er samd med den tidlegare kollegaen sin, som ho framleis omtalar som ein «NRK-ar».

– Det er trist at enkelte driv sjølvsensur. Eg trur vi alle går rundt og er redde for kva andre seier og meiner, og det er difor mange sluttar å bruke nynorsk i kvardagen. Eg har sjølv opplevd fleire tilfelle der «nynorskfolk» skriv på bokmål i ulike private samanhengar sjølv om dei kjem frå Voss, Ryfylke eller Sunnmøre. Eg trur det er fordi dei er redde for at andre forventar at dei skal skrive på bokmål viss dei til dømes er styreleiar i eit burettslag i Oslo og skal sende ut informasjon til alle som bur der, eller om det er lærarar som skriv e-post til foreldra i klassen. Det er så trist! Om nynorsken skal overleve må vi bruke språket vårt i alle samanhengar, seier den profilerte nynorskbrukaren Ingvild Bryn engasjert.

Normert nynorsk
Sjølv har dei to prisvinnarane aldri vore i tvil om dei skulle bruke nynorsk som yrkesspråk.

– Eg brukar nynorsk først og fremst fordi eg kjem frå Voss og fordi det er språket mitt. Det er identiteten min, forklarar Bryn om det naturlege valet. Ho fortel at overgangen frå vossadialekten til normert nynorsk som yrkesspråk i NRK ikkje var så vanskeleg fordi dei to formene ligg nært kvarandre i utgangspunktet.

Riise er samd.

– Det har vore, og er, ein styrkje i yrket vårt å bruke normert nynorsk som yrkesspråk.

For han var overgangen frå dialekten frå Hjørundfjorden større, men seier det no er heilt naturleg.

Begge dei to journalistane har fått tildelt prisen for utsøkt språkbruk og framifrå bruk av normert nynorsk i moderne nyheitsjournalistikk i radio og fjernsyn, seier styret i Nynorsk kultursentrum i grunngjevinga si. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37

Kommentarar

ANNONSE