Songen – eit litterært under

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ottar Grepstad samanlikna årets festspeldiktar Arne Moslåtten med verdsstjerna Leonard Cohen.

– Songskaparen frå Montreal og musikkjennaren frå Gol seier det som trengst om det litterære underet som gode songar er: Vi blir ikkje kvitt dei, og etter kvart veit knapt nokon kvar dei kom frå.

Nokre av dei mest kjende songskattane i landet vårt er forfatta av Ivar Aasen og under opningstalen fortalde Grepstad om tekstforfattaren og perfeksjonisten Ivar Aasen som brukte lang tid på arbeidet sitt og endra på både strofer og innhald før han var nøgd.

– 12 år brukte Ivar Aasen på å lage «Nordmannen», diktet som blei allsongen om Noreg. Ikkje noko anna dikt arbeidde han meir med enn dette, fortalde Grepstad.

Og han heldt fram:

– Songen kom altså før den skrivne litteraturen. Dei fleste på jorda har songane, men langt frå alle har bøkene. Å feire songen er difor å feire grunnlaget for all litteratur og opne for nye reiser dit dei gode songane kjem frå, sa Grepstad. (©NPK)