Stolt sumarjobb

Nettverksbygging kan vera lurt for ungdommar som vil ha sumarjobb. Det meiner Aurora Hellandsjø Lysne, som er omvisar i Lærdal. 

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Bur du her? Det spørsmålet får eg kvar einaste omvisning. Folk tykkjer det er fint her og lurer veldig på om eg trivst i bygda, seier Aurora Hellandsjø Lysne, som har sumarjobb som omvisar på Gamle Lærdalsøyri.  

– Det er jo dette eg kjem frå og det er ein fantastisk sumarjobb å få formidle noko som er viktig for meg, seier ho.

Knutepunkt i vest
Turistane Aurora guidar får oppleve trehus i pastell, hotell, gamle krambuer og Løyntnantsbrygga. Rusle i eit spesielt sentrum, eit gamalt knutepunkt mellom aust og vest, der 161 av husa er verna. 

– Det beste er når omvisinga vert som ein samtale. Elles må eg passe på at eg ikkje vert for ivrig når eg ruslar rundt og formidlar, seier Aurora.

Omvisingane på Gamle Lærdalsøyri er eit pilotprosjekt og gjev fleire ungdommar sumarjobb. Dei har sjølve vore med på å utvikle både ruta og manus.

– Vi får jo mange positive attendemeldingar. Og så er det ekstra stas å gje lærdølar aha-opplevingar. Det er til dømes mange som ikkje veit at gågata har den einaste lovlege reklamen for tobakk i landet. 

Lovleg. Denne reklamen for tobakk heng på ei krambu på Gamle Lærdalsøyri.

Handplukka
Aurora har aldri skrive nokon jobbsøknad, men har som 16-åring likevel jobba med både servering, vasking, i butikk og med gardsarbeid. Til jobben som omvisar vart ho handplukka.

– Folk kjenner til meg og spør om eg vil jobbe. Eg trur det er avgjerande for ungdom som vil ha sumarjobb å bruke nettverket sitt. Så må ein sjølvsagt gjere ein god innsats, slik at ein får nye tilbod, forklarar Aurora. Når ho ikkje er omvisar i sumar, jobbar ho heime på garden. Ho får berre ei veke med «skikkelig» ferie.

– Det er viktig å ikkje vera for kresen og eg trur det er lurt å prøve mange forskjellige jobbar. Det er både moro og ein lærer mykje, og så er det ikkje dumt å ha peiling på litt av kvart, seier Aurora.