Korleis vart du du, Knut Arild Hareide?

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva gjer du i sumar?

St. Hansaften gifter eg meg! Seinare skal eg på ferie både i Noreg, Italia og Hellas.

Kva er ditt beste sumarminne frå ungdommen?

Det må vere båtliv med familien og vener på Bømlo.

Kven var du på vidaregåande?

Eg var ein relativt beskjeden, men fagleg interessert ung herremann. Samstundes var eg og engasjert i samfunnsspørsmål.

Hadde du nokre ungdomsheltar?

Det prega ikkje livet mitt særleg, men eg var stolt av tremenningen min, Arne Larsen Økland. Han er tidlegare landslagsspelar, som blant anna var med å slå England i fotball. Han scora målet som kvalifiserte Noreg til Moskva-OL i 1980, som vi enda opp med å boikotte.

Kva av livslærdom har fått deg dit du er i dag?

Livet består av mange ting, men det er difor så viktig å prioritere det viktigaste, dei næraste rundt deg. Familie og vener er viktigare enn jobb og karriere.

Kva er dine beste råd til unge som vil opp og fram? 

Ikkje tenk på at karriere er ein konkurranse. Ikkje la det å ville opp og fram vere eit mål i seg sjølv. Det viktige er å få bruke evna sine og talentet, og utfordra og utvikle seg sjølv.

Korleis får ein tid til alt som ung?

Du får ikkje tid til alt som ung. Difor må du prioritere.

Kva er nynorsk for deg?

Nynorsk for meg er morsmålet, det eg har vakse opp med, som eg er glad i å lese, og som eg brukar mykje i min personlege kommunikasjon. På talarstolen i Stortinget er eg mest glad i å bruke nynorsk.

Kva song har hatt mest å seie for deg? 

”Alt eg såg”, av Sigvart Dagsland. Den songen gjev eit perspektiv på kor viktig det er med menneska som er nær deg.

Kva ville du sagt til deg sjølv som 20-åring?

Knut Arild, slepp deg litt meir laus! Det blir ikkje skandale om du tek ei tatovering.

Faktaboks

Knut Arild Hareide

Leiar i Kristelig Folkeparti.

Leiar Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Kjem frå Bømlo i Hordaland.

Utdanna Siviløkonom frå NHH

Tidligare miljøvernminister i Bondevik 2 – regjeringa