Far viktigare enn mor?

Det å bli forlaten av far kan setja djupare spor hos born enn det å bli forlaten av mor, syner ny forsking.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studien, som er publisert i Personality and Social Psychology Review, byggjer på 500 studium frå ulike land om korleis born blir påverka av at ein av foreldra forlèt dei, fortel avisa Dagen.

 

Blir meir redde og urolege
Forskarane konkluderer med at tapet av kjærleik frå den av foreldra som har høgast status, er det som gjer mest vondt for borna. I dei fleste tilfelle er det far, skriv avisa.

Forskinga viser dessutan at born som har opplevd å bli avvist av ein av foreldra har ein tendens til å bli meir redde og urolege, meir aggressive og meir fiendtlege innstilt til omgjevnadene sine.

– Dryg konklusjon
Trude Mostue i mammanettverket synest det er ein dryg konklusjon å seia at far er viktigare enn mor i livet til eit barn, medan Øivind Benestad i MorFarBarn-stiftelsen meiner konklusjonen er ei sterk utfordring til menn og fedrar om å ta foreldreansvaret på alvor.

Fred Johan Ødegård i pappamagasinet "FAR OG BARN" meiner undersøkinga stadfestar tidlegare forsking. Der har det mellom anna kome fram at born med fedrar som er aktivt til stades i oppveksten, gjev barnet ei positiv utvikling både intellektuelt og sosialt.

Han meiner likevel at mor og far er like viktige som rollemodellar og at dei utfyller kvarandre.

(©NPK)