Lovas selektivt lange arm

Kvifor prioriterer politiet demonstrantantar i Hardanger framfor menneskehandel?

Synnøve Kvamme
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I byrjinga av juni stod politiet fram i media og hevda at dei kunne hatt ei menneskehandelsak kvar einaste dag om dei hadde hatt ressursar til det. Politiet si framferd i Hardanger den siste tida gir grunn til å stilla spørsmålsteikn om det eigentleg handlar om ressursar eller prioritering?

I fjor opplevde mastedemonstrantane å få utdelt ferdselsforbod som for mange innebar å måtta senda søknad til politiet to dagar i førevegen om dei ville gå til støls, gå på butikken i Granvin eller køyra utover fjorden langs riksveg 7. At politiet ville ha avtrykk av skoa våre, kroppsvisistera oss før me blei plassert på glattcelle og DNA-testa oss utan avhøyr eller spørsmål om alibi på førehand, var blant det me fint måtte finna oss i. Då dei gjekk til det steget å ransaka redaksjonen til avisa «Hordaland» samt heimen til ein journalist, var det mange som meinte at dei gjekk over streken –  og som kjent blei enda på visa at politiet ombestemte seg. Likevel tok dei ingen sjølvkritikk for framgangsmåtane sine.

Politiet tek heller ingen sjølvkritikk for spesialbehandlinga Statnett openlyst får. Lensmannen i Kvam åtvara Anita Aalvik mot å melda Statnett for brot på miljø- og transportplanen som dei er pålagde å fylgja. Når nokon likevel har gjort alvor av det, og meldt Statnett for klare lovbrot og uforsvarleg helikopterflyging, blir det utan vidare lagt vekk av politiet – som nærmast forsvarer Statnett og hevdar at deira aktivitet er sidestilt med utrykkingskøyretøy. Andre vegen er det stikk motsett, og også i år opplever me at politiet står på pinne for Statnett.

Det er tydeleg at politiet går inn for å kvela den sivilt ulydige motstanden i Hardanger. Ikkje berre er Statnett tilsynelatande første prioritet, i tillegg har det førekome at sivilpoliti har stilt opp i fjellet frå tidlig om morgonen av og gått og patruljert langs traseen. Det er ikkje kven som helst som kan bruka politiet som privat vaktselskap.

Dei av oss som har vore sivilt ulydige meir enn ein gong blir no åtvara om både rulleblad og varetektsfengsling i inntil fire veker om me held fram med protestane. No skal politiet verkeleg slå hardt ned på den ikkje-valdelege motstanden, og deler villig ut ferdselsforbod til både tilfeldig forbipasserande som går tur i fjellet og til dokumentarfotografar som er til stades for å dokumentera motstanden.

Det må vera frustrerande for folk som opplever at skadeverk, tjuveri og liknande i stor skala vert nedprioritert og lagt vekk av politiet med ressursmangel som grunngjeving når dei ser korleis ressursane vert brukt i Hardangersaka. For å seia det slik så har i alle fall ikkje me merka noko til verken streik eller ressursmangel, snarare tvert i mot.

Enkelte hevdar at det er nødvendig med kraftige reaksjonar frå politiet når sivil ulydnad gjentek seg fleire gonger, for ikkje å senda ut signal om at det er fritt fram å protestera på denne måten. Med tanke på alle tjuveri, vald- og skadeverksaker som vert nedprioritert av politiet, kan ein då spørja seg: er det betre å senda ut signal om at risikoen for å bli straffa er mindre om ein stel, utøver vald eller skadeverk enn om ein er sivilt ulydig mot staten? Eg er sikker på at ein ville fått mykje færre tilfelle av vald og sabotasje om politiet viste det same engasjementet i slike saker som dei gjer i Hardangersaka.

Les òg: Krev kompensasjon på master

Ein ting er korleis politiet prioriterer. Ein annan ting er når demonstrantane til og med i ettertid nærmast blir stempla som utilreknelege forbrytarar. Eg snakkar sjølvsagt om politiet si anbefaling om å nekta Mona Nordaas å servera både mat og drikke. Deira forklaring er at ettersom Mona under sivil ulydnadsaksjonen på Rong ikkje etterkom politiet sitt pålegg om å fjerna seg, så kan dei heller ikkje vera trygge på at ho i framtida vil etterkoma politiet sine pålegg i kafeen på Evanger. Det er rystande korleis politiet mistenkeleggjer og kriminaliserer Mona for hennar samfunnsengasjement. Som om ho var ein serieforbrytar som er truande til å gjera kva det skulle vera fordi ho ved eitt høve sette seg på ein konteinar i kampen for demokrati og naturvern. Det skal kosta å engasjera seg mot staten.

Er det rart Statnett blir arrogante når dei til og med har det såkalla nøytrale politiet i si makt? Er det rart folk kjenner seg overkøyrte, makteslause? Korleis ville det blitt om politiet hadde meir ressursar – hadde dei tatt tak i saker om menneskehandel, ville dei følgt opp valdssaker og sørgt for at alle tjuvar fekk si fortente straff? Eller ville dei sett inn ti ekstra sivile politibetjentar til å patruljera for Statnett?

Les òg: Hardanger-aksjonistar i retten