Kvinnemangel i Amanda

Berre to skodespelarar er nominert til Amanda-prisen for beste kvinnelege skodespelar. Èi av dei er svensk.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har det siste året vore så få roller for kvinner i norsk film at Amanda-juryen berre har to namn på lista over nominasjonar til beste kvinnelege skodespelar. Dei to er svenske Noomi Rapace for «Babycall» og Helene  Naustdal Bergsholm frå Førde, for rolla som Alma i «Få meg på, for faen».

LES OGSÅ: Suksess for "Få meg på, for faen"

Publikumsssuksessar ikkje nominert
Overraskande for mange er dei to publikumssuksessane «Hodejegerne» og «Oslo, 31. august» ikkje nominert til Amanda for beste kinofilm. Men hovudrolleinnehavarane i dei to filmane, Aksel Hennie og Anders Danielsen Lie, er nominert. Det er også regissørane for dei to filmane, Morten Tyldum og Joachim Trier. Regissørane må kjempe med Arild Andresen som er nominert for «Kompani Orheim».

LES OGSÅ: "Kompani Orheim" til topps

Førdefilm nominert til beste kinofilm
Dei fire filmane som skal kjempe om prisen for beste kinofilm er «Babycall», «Få meg på, for faen», «Kompani Orheim» og «Pushwagner».

Amanda-prisane blir delt ut 17. august under filmfestivalen i Haugesund.

Kven meiner du fortener Amanda i år?