Vil kartleggja mediebruk på mobil
– Grensa for kva som er akseptabelt å leggja ut av personleg informasjon blir mindre og mindre. Til slutt kjem den til å forsvinna heilt, seier medieelev Marita Vindedal.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg kan overleva fleire dagar utan datamaskin, men ikkje ein dag utan mobilen min, seier Vindedal.
Ho er avhengig av å sjekka sosiale medium som Facebook og Twitter, e- post og nyhende dagleg ved hjelp av telefonen.
– Eg er mest aktiv på Twitter, og postar regelmessig bilete av det som skjer, seier ho.
Tillit på nett
I samarbeid med Høgskulen i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane skal professorane Bjørnar Tessem og Lars Nyre finna ut kor stor tillit folk i Sogndal har til å dela personleg informasjon via sosiale medium på mobilane sine.
– Me får tilfeldige lokale personar i alle aldrar til å fylla ut eit spørjeskjema for å finna ut av mobilvanane deira. Deretter skil me mellom dei som berre brukar mobilen til å ringja og senda meldingar og dei som bruker den til sosiale medium, e-post, nyhender og andre tenester. Dette er den fyrste studien som me har delt inn i to grupper. I den andre studien intervjuar me kun ungdomar frå 18 år og oppover, seier Tessem.
Del av større studie
Målet med studiet er å finna ut kor mykje personleg informasjon folk er villige til å dela med andre, kva informasjon, og kven dei er villige til å dele den med.
– Grunnen til at me har valt Sogndal som forskingsstad er fordi me ynskjer å testa ut hypotesane våre i utkant- Noreg. Seinare kjem me til å køyre same studie i Oslo, og kanskje andre stader som til dømes London og ei bygd i England for å kunne samanlikna resultat, seier Nyre.
Leie av Facebook
Ifølgje Simen Loftesnes, Ingeborg Vindedal og Julie Rosenlund er Facebook på veg ut.
– Det er ingen som postar der lenger, no for tida er det mest aktivitet på Twitter blant ungdomar, seier Loftesnes.
– Småungane og dei vaksne har på ein måte teke litt over Facebook, seier Vindedal.
– Me ungdomar føler oss litt skyvd vekk frå Facebook, seier Rosenlund.
Set grenser
For folk i alle aldrar har det blitt meir vanleg å bruka smarttelefonen til å halda kontakt med vener og familie, sjekka ut ulike sosiale medium, halde seg oppdaterte på nyhende og kontakta folk på e-post.
– Eg har som regel at dersom eg ikkje ynskjer at bilete som eg har teke skal enda på framsida av VG, ja då vel eg å ikkje poste det. Alt blir lagra på internett og eigarane av Facebook har opphavsrett på alt som blir posta på nettstaden, seier Vindedal.
Endra haldningar
– Då me var yngre lærde me at me ikkje skulle gje opp etternamnet vårt på sosiale nettsamfunn. I dag legg folk ut bilete som aldri skulle ha sett dagens lys. Brukarane på sosiale medium blir stadig yngre og det kan hende dei ikkje innser farane ved å dela personleg informasjon på nett, seier Vindedal som sjølv vedgår at det er ikkje alltid ho tenkjer over kva ho postar på nettet, seier Vindedal
– Personleg informasjon og lettkledde fest¬bilete kan bli brukt mot deg i framtida, særleg i arbeidslivet. Den stilen ein har som fjortenåring er ikkje den ein vil bli identifisert med i framtida, i alle fall ikkje av sine eigne born, seier Ingeborg Vindedal.
Les òg: Klikkar oss sjuke