Butikkdebut for søstrer

Rebekka, Karoline og Marlene Ness Lye har arbeidd på spreng den siste tida. I dag er dei tre søstrene klare for å ta imot kundar i eigen butikk.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Interiør, gåver og blomar, kombinert med kaffibar, is og søtsaker, er konseptet dei tre søstrene Lye – Marlene (19), Karoline (21) og Rebekka (23) – satsar på når dei i ettermiddag opnar eigen butikk i Etne sentrum.

I lokala ved sida av Coop Prix har det blitt seine kveldar den siste tida for å koma i mål til opningsdagen. Fleire liter måling i pastellfargar har gått med for å klargjera inventaret i butikken, som blant anna består av gamle hyller, skåp, kabeltromlar og dører. Isdisken er på plass, og i kafédelen er det sett ut bord og stolar for kaffitørste kundar.
 
Får med mor
– Me gler oss veldig, og har fått mykje positiv respons, seier dei unge gründerane. Men det er ikkje berre søstrene som skal stå bak disken. Med på laget har dei òg mor si, Kari Janne Lye, som har arbeidd som blomedekoratør i 17 år. Ho tykkjer det er heilt greitt å vera tilsett av sine eigne døtrer.

– Dei er unge og spreke og har meir energi, meiner ho, og har god tru på døtrene sine.

– Skal eg vera med i ei bedrift, skal det vera skikkeleg, ikkje halvvegs, understreker ho.

Marlene har fått stillinga som butikksjef. Ho er snart ferdig med læretida som blomedekoratør, og saman med mora skal ho ha ansvar for den biten. Rebekka og Karoline skal ta seg av kafédrifta, men sidan Karoline har eitt år att av marknadsføringsstudiet ved BI, kjem ho ikkje til å arbeida fulltid i butikken.
 
Ulik smak

Ideen fekk dei i desember, og eit halvt år etter er butikken med namnet  Søstrene Lye ein realitet.

– Coop hadde spurt om ikkje mamma var interessert i å starta butikk i dei ledige lokala deira. Me vart einige om at dette var noko me hadde lyst til, og fekk leiga plass, seier Rebekka.

– Korleis går det når tre søstrer skal driva butikk saman?

– Me klarer å skilja mellom jobb og fritid, men det er klart at med så mykje hormon vil det nok ikkje gå heilt knirkefritt, ler dei, før dei fortel at dei går godt saman.

– Som i andre bedrifter skal me ha jamlege personalmøte, seier dei, og meiner dei har mykje å læra kvarandre. Sjølv om dei er einige om det meste, har dei ulik smak når det gjeld interiør, noko dei vil få fram gjennom sortimentet sitt.

– Målet er at alle skal alle kunna finna noko dei liker her.
 
Tjuvstarta
Dei tre gründerane er ikkje åleine om å tilby blomar, interiørartiklar og varm kaffi, men meiner det berre er positivt med konkurranse.

– Me fokuserer på ulike ting og prøver å tilby noko anna enn det som finst frå før, seier Marlene. Søstrene Lye tilbyr blant anna hjelp til pynting av lokale i samband med konfirmasjonar og bryllaup, og har alt hatt fleire slike oppdrag.

Søstrene har òg tjuvstarta litt med salet. Ein del varer kom tidlegare enn dei hadde rekna med, og då gjaldt det å vera kreativ.

 – Me laga ei lita utstilling i grovkjellaren hjå Marlene på Østreim, seier Rebekka. Ho fortel at dei ikkje hadde rekna med den enorme responsen dei fekk. I løpet av to-tre timar var hundre stykk innom.

– Folk stod i kø, og kom heilt frå Sveio, fortel dei.
 
Vurderer nettbutikk
Søstrene Lye er innstilt på at det kjem til å bli travle dagar. Likevel vågar dei å tenkja vidare.

– Dersom tida strekk til, har me planar om utvida butikken med  nettbutikk, seier dei.

Dei ferske butikkeigarane fortel at det går ein del tid på å følgja med på ulike interiørblad og bloggar for å halda seg oppdatert. Butikken har òg eigen blogg og Facebook-profil som skal administrerast.

– Me har fått god hjelp, og det er rørande å sjå engasjementet som finst. Nesten alt av inventar er til dømes gjenbruk. Folk har vore fantastiske og stilt opp med gamle møblar, og me set stor pris på dugnadshjelpa me har fått, seier dei.

Les saka i Grannar!