Høgre og Frp vil kutta 4 milliardar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgre og Frp vil kutta landbruk

Dei to partia er einige om å redusera overføringsnivået til jordbruket, starta tilpassinga til eit redusert importvern og strukturrasjonalisera for å få billegare varer. Det kjem fram i innstillinga til jordbruksoppgjeret i næringskomiteen på Stortinget.

Høgre og Frp går samtidig inn for ei omfattande deregulering, og partia ser ikkje bort frå at byråkratikostnadene kan kuttast med 4 milliardar kroner, skriv Nationen.

– Det har blitt hevda at 4 milliardar er mogleg. Vi vil ikkje binda oss til ein sum, men 4 milliardar kroner gjev eit godt bilete av at det er mykje å spara, seier næringspolitisk talsmann Svein Flåtten i Høgre.

Industri- og landbrukspolitisk talsmann Torgeir Trældal i Frp trur summen kan vera endå større. Han er nøgd med samarbeidet mellom dei to partia.

– Ved eit regjeringsskifte blir det lett å bli einig med Høgre på landbruk, seier Trældal.

Bondelaget skjelv
– Viss vi skal ha europeiske prisar med kostnadsnivået vårt, blir konsekvensane dramatiske. Og meir mat på norske ressursar blir det i alle fall ikkje, seier leiar i Bondelaget, Nils T. Bjørke.

Bjørke trur forslaget om tollkutt kan utradera norsk korndyrking. Han meiner likevel at forslaget om mindre byråkrati høyrest bra ut, men han minner om at det gjerne er ein grunn til at ordningane eksisterer. (©NPK)

Les òg: Bønder har mindre makt med Sp i regjering